Inspirasjonspris - send inn forslag

Møre og Romsdal landbruksselskap vil dele ut ein årleg pris for veldrive gardsbruk i fylket. Prisen skal gå til ein enkeltbrukar, familie eller eit fellestiltak som er ein god ambassadør for landbruksnæringa. Alle landbruksproduksjonar er aktuelle.

Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Næringspolitisk konferanse i starten av mars kvart år.

 

Selskapet ønskjer no å få forslag til vinner(-ar) av prisen for 2020

Styret for selskapet utpeikar vinnaren etter å ha vurdert dei innsende forslaga. Styret består av Landbruksdirektøren i Møre og Romsdal, fylkesleiar i Møre og Romsdal bondelag, fylkesleiar i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og representant frå Regional og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Kriterium som vektleggast ved val av vinnar

  • Har profilert landbruket på ein positiv måte i offentligheita.
  • Har fremja positive idear for vidareutvikling av bygdene i Møre og Romsdal.
  • Er et førebilete i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
  • Har profilert og gjennomført jordbruksdrifta si med høg standard.
  • Har hjulpet yrkesbror/søster gjennom ein vanskelig periode.
  • Har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.

 

Forslagsfristen er 15. februar 2021

Send forslag til kandidatar med grunngjeving innan 15. februar 2020 til fmmrfrma@fylkesmannen.no

Følg oss