Hjortemøte 11.april på Aasen-tunet Landbrukskontoret i Ørsta og Volda arrangerer hjortemøte onsdag 11.april. kl. 19.00-22.00 på Aasen-tunet i Ørsta. Erling Meisingset, forskar frå NIBIO kjem. Tema: Stor hjortestamme i Volda og Ørsta. Bøndene slit med store skader på innmark og ungskog. Kva gjer vi vidare? Og korleis legg vi opp avskytinga? Skrantesjuke: Ørsta kommune er blant fleire utvalte kommunar med særskilt fokus på skrantesjuke (CWD) frå 2018. Det betyr at det skal takast hjerneprøve av all hjort over 2 år som vert felt på jakt. Erling vil prate og informere meir om dette, samt ha ein praktisk demonstrasjon. Mattilsynet vil også vere til stade for å svare på ev. spørsmål. Målgruppa er valdsansvarlege, grunneigarar og jegerar i Ørsta og Volda, men møtet er ope for alle interesserte. Enkel servering, ingen påmelding. Publisert 23.03.2018 09:30