Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Vinteraktivitetar for ungdom

Ørsta skisenter

Med base i hytte ved Ørsta skisenter arrangerer Friluftsrådet kjekke friluftslivsaktivitetar i vinterferien veke 8!

To turar

Friluftsrådet arrangerar to ulike turar der du kan velgje mellom ei eller to overnattingar.

  • Måndagsturen har ei overnatting og har aktivitetar på måndag 20. februar og tysdag 21. februar.
  • Onsdagsturen har to overnattingar med aktivitetar frå onsdag 22. februar til og med fredag 24. februar.
     

Du får vere med på:

  • Skitur/trugetur
  • 3 timers kort i heisa med Ørsta skisenter
  • Bålkveld
  • Peiskos og spel
  • Snøborgbygging
  • Overnatting inne eller ute


Gratis

Aktivitetar, 3 t heiskort 1 dag, mat, overnatting og eventuelt lån av utstyr er gratis.
 

Leiarar

Sunnmøre friluftsråd og studentar i friluftsliv ved Høgskulen i Volda.
 

Utstyr

Til vinterfriluftsliv, ski og uteaktivitetar treng du litt utstyr og vinterkle. Har du alt du treng er det supert! - ta med!!

Treng du å låne noko utstyr eller vinterkle kan du gi beskjed om dette ved påmelding og vi skal prøve å ordne dette til deg!
 

Mat

Det blir kjøpt inn mat, og ungdommane må bidra med å lage måltid og rydde opp/vaske opp. Nokre måltid blir inne og nokre måltid blir ute ved bålet.
 

Overnatting

Inne i 2-4-mannsrom eller frivillig ute i lavvo (eller i snø om det er mogleg).
 

Informasjon og pakkeliste

Blir ettersendt til påmeldte deltakarar!
 

Informasjon og påmelding

Informasjon og påmelding finn du på heimesida til Sunnmøre friluftsråd:

Påmelding og info

 

Følg oss