Verdas aktivitetsdag 10. mai
Bakk-Ola-maraton har blitt ein tradisjon, og er med på å markere Verdas aktivitetsdag i Ørsta. Sjølv med regn og kalde forhold, samla folk seg på Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka for opning ved ordførar, felles oppvarming og tur for både gåande og rullande.
Volda Toradarlag stod for musikken og satte god stemning for arrangementet. Elevar frå VG1 Helse- og oppvekstfag var med å organisere og hjelpe til under løpet. Det var også open kafè, sal av brennsnut, kaker og kaffi. - Eit flott og kjekt arrangement i godt lag.
Helsedirektoratet om Verdas aktivitetsdag 2019:
- Slå eit slag for lavterskelaktiviteten.
Publisert 10.05.2019 13:24