Polsk Chopin-meister gjestar kulturhuset

Greg Niemczuk

Konserten i Ørsta kulturhus onsdag 8. mai har fått tittelen ”Chopin i ord og tonar”.

Greg Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademi i Katowice med høgste utmerking. No har pianisten heile verda som sitt virkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land – og likeeins i Amerika, Asia, Afrika og Australia.

I 2010 vann han 1. pris i den nasjonale Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no sett på som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar. Han har også fått publikums-prisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea hausten 2016. 

 

Internasjonalt namn

Greg Niemczuk har allereie eit stort internasjonalt namn. I sin korte karriere har han spelt med fleire av Polens fremste symfoniorkestre. Han har spelt konsertar i Noreg kvart år sidan 2010 og skal under dette årets to turnéar i Noreg gjeste 15 kulturhus.

Konserten i Ørsta kulturhus onsdag 8. mai har fått tittelen ”Chopin i ord og tonar”. Greg Niemczuk vil under konserten gi til beste eit program som innheld nokre av dei mest virtuose, vakraste og mest kjende valsane, masurkaane, nokturnane, etydane og polonesene av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei spesiell glede for han å formidle sin landsmanns musikk i utlandet. Kveldens krevjande program vil til fulle vise Greg Niemczuks virtuositet og evne til å formidle kvart enkelt musikkstykke sitt særpreg og kjenslemessige djubde. 

Greg Niemczuk er ikkje berre ein eminent pianist, han er også ein unik pedagog og kåsør og held årlege meisterklasser ved Universitetet i Kristiansand og ved Norges Musikkhøgskole. Som alltid når han konserterar, vil han også denne gongen fortelje om den musikken han skal framføre. Dette gjer ein konsert med Greg Niemczuk til ei heilt spesiell og givande oppleving

Følg oss