Kulturprisen 2021 vert tildelt Sunnmøre Baarelag

Marit Lystad Johansen

Sunnmøre Baarelag starta i 1980, og helde på endå. Bandet er pionerar i å skape rockemusikk på nynorsk og Ørsta-dialekt, og er førebilete som banar veg.

Dei er inspirasjon for mange kjende og mindre kjende musikarar frå Ørsta og Volda.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen i 2021.
Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 9. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.

Følg oss