Næringsprisen 2021 – Tildelt Ørsta Camping AS
Ørsta Camping har vore i drift sidan om lag 1960, då Otto O. Ose starta med campingplass for besøkande til Ørsta. I familiebedrifta hadde alle ei rolle, og barnebarna fekk tidleg hjelpe til. Vivian Ose Flø er tredje generasjon drivar av Ørsta Camping, og har vore ein del av drifta så lenge ho kan hugse. Både Berit og Ole-mann er framleis engasjerte i camping-delen, og er viktige bidragsytarar der.
Etter at Vivian tok over drifta har ho utvikla familiebedrifta på ein framifrå måte, og tilpassa seg marknaden både i høve servering og tilrettelegging for besøkande.
I mange år var det mykje laksefiskarar som kom, og faste gjestar har vore ein viktig del for bedrifta i alle år. Overnattingstilboda har utvikla seg i takt med tida, frå telt og små hytter, til spikartelt og hytter med standard som små bustadar. Ørsta Camping har difor hatt ei stor og viktig rolle for reiseliv og besøk til Ørsta i meir enn 60 år!
Kiosk og servering har vore eit viktig tilbod til fastbuande og tilreisande gjester. Dei første 25 åra var det sommarope, og mange Ørstingar som starta badesesongen på Vekslet i mai gledde seg over is-sal og anna godt ein kunne handle på campingen.
I 1986 vart ny kiosk bygd, og det vart heilårs-drift.
Mange unge har hatt sitt første møte med arbeidslivet på Ørsta Camping. Og saman med faste stabile tilsette leverer dei smakfulle rettar av god kvalitet raskt og effektivt. Ørsta Camping har 14 fast tilsette gjennom året, og fleire i høgsesong jul og sommar.
Alle i Ørsta har eit forhold til Ørsta Camping og den gode maten dei serverer der, og det kjem folk frå heile regionen for å handle. Ørsta Camping er ein viktig bidragsyter til reiselivet, og til godt omdøme for Ørsta.
For Vivian og hennar mange dyktige medhjelparar er alle gjestar like viktige!
Ørsta kommune sin næringspris for 2021 vert tildelt Ørsta Camping og dagleg leiar Vivian Ose Flø. Vi gratulerer!
Med helsing
Stein Aam
ordførar