For lite fysisk aktivitet er ei av vår tids største folkehelseutfordring. 10. mai er Verdas aktivitetsdag eller «Move for Health Day», som dagen heiter internasjonalt. Dagen skal minne oss om alle dei positive effektane som fysisk aktivitet har på både den fysiske og psykiske helsa. Fysisk aktivitet er så effektivt i behandling av ei rekkje sjukdomar og tilstandar, at den kan i nokre tilfelle kan erstatte legemiddel og redusere behovet for medisin.
Hjerneforskar og fastlege Ole Petter Hjelle seier at dersom fysisk aktivitet hadde vore ein pille, så ville alle tatt den. To viktige effektar det er verdt å merke seg i desse dage ved regelmessig fysisk aktivitet er styrking av immunforsvaret og betre psykisk helse gjennom auka livskvalitet og meistring.
Fysisk aktivitet er ferskvare og må utførast regelmessig. Slik som med tannpuss – du pussar ikkje 14 gongar på ein time slik at du slepp å pusse resten av veka, eller?
Myndigheitene tilrår kor mykje fysisk aktivitet vi minimum bør ha i løpet av ein dag for ein helsefremjande effekt. For barn og unge er det 60 minutt, og for vaksne 30 minutt dagleg. Til oss alle er rådet at vi sit mindre i ro, og røyver oss meir.
Sidan det er så altfor enkelt å vere for mykje i ro, så må vi gjer eit medvite val for å få fysisk aktivitet som del av kvardagen vår. Det gode er at all rørsle er bra uansett alder, men til eldre vi blir dess viktigare blir det. Små grep i kvardagen kan ha stor verknad. Gode vanar i ung alder gjer susen.
Vi er heldige som har den vakre naturen kring oss, og kan nyte godt av den. Motbakkar er glimrande for å få opp pusten og pulsen. Kor bratte dei skal vere vel du sjølv. Fleire har meldt interesse og ønske om ei oversikt over nærturar i desse Koronatider. Dersom vi registrer nærturar som vi veit om på nettsida www.morotur.no, så vil fleire kunne ha glede av desse perlene som vi veit vi har i kommunen vår, men som vi ikkje veit eksakt lokalitet på….enda.
God tur, og takk til alle de som gjer vél og registerar turar på www.morotur.no