Frivillige til Frivillighetsåret 2022

Frivillignemnda planlegg aktivitetar i løpet av Frivilligåret 2022. Dei oppfordra frivillige lag og organisasjonar å bli med på arrangementa.

Samankomstar og aktivitetar i løpet av året er spesielt viktig etter to rolige år grunna koronapandemien.
 

Helga 10.-12. juni

Liv i gågata - laurdag 11. juni
Dei nynorske festspela 9.-12- juni
Denne helga vil vi skape liv i Ørsta sentrum.

Nemnda oppmodar alle frivillige lag og organisasjonar som vil vere med på markeringa, anten på stand eller med oppvising  i gågata den 20.juni til å ta kontakt.

Vi satsar på yrande folkeliv og mykje frivilligmoro.
 

Måndag 20. juni

Sykkelturen 2022 - Norges Frivilligsentralar invitera i samarbeid med eI rekkje andre organisasjoner til eIn sykkeltur gjennom heIle landet! Meir informasjon her. I Ørsta legg vi opp til at etappen vår går frå stadion, om hamna – midtigata-simahaugen og tilbake til stadion. For at så mange som mogleg skal få seg tur på sykkel legg vi opp til fleire rundar. Vi treng både sjåførar og passasjerar så her er det berre å melde seg.

Generasjonsleikane - Ørsta stadion
Generasjonslekane er fyrst og fremst leik og moro på tvers av generasjonar. Det er folkehelse, bruk av nærmiljø og frivillige. Det er en muligheit til å skape entusiasme og samanhøyring og har vist seg å vere vellykka månge stadar i verden. Vi legg opp til enkle øvelsar på stadion, som skal vere tilrettelagde for dei fleste.

Ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes tlf. 913 13 572 om organisasjonen eller laget ditt har lyst til å bidra med noko i Frivilligåret.

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes

Følg oss