Frivilligdag 11. juni

Ørsta frivilligsentral inviterar alle frivillige lag og organisasjonar i Ørsta til markering av frivilligåret i gågata.

Frivilligsentralen informerar: 

Laurdag 11. juni 

Kl. 10.00–14.00 Stands langs heile gågata
Ekstra kjekt om de vil gjere litt ekstra ut av standane dykkar. Om de er loddsal, smaksprøver eller ka det måtte vere de finn på.

Kl. 12.00–13.00 Program frå fru Svendsen plassen / 1000-års staden. 
Vi oppmodar alle lag til å stille med programinnslag. Er det nokon som kan trikse, fortelje om laget sitt, lynsjakk, song, dans, steile, sjongler, e.l. Har laget ditt noko de kan bidra med. Meld det inn! Det vert trekning av gåvesjekkar blant alle lagasom deltek på dagen.

Det vert trekning av gåvesjekkar blant alle laga som deltek på dagen.

For påmelding og spørsmål henvend dykk til Rebecca Riise Bjerknes, frivilligsentralen e-post: rebecca.bjerknes@orsta.kommune.no og tlf.: 91 31 35 72

Bilde med tekst "Saman feirar vi Noregs viktigaste lagarbeid!" frivillighetnorge.no  

Følg oss