Feriemoro på Ørsta Skisenter

Måndag 21. februar vart det arrangert skidag på Bondalseidet gjennom prosjektet Feriemoro. 

Heile 60 personar av stort og smått tok turen for å dra nytte av både familietrekket og skiløypene - og for ein flott dag det vart! Sjølv om vêret ikkje spelte heilt på lag, gjorde i alle fall deltakarane det. For mange var dette aller fyste møte med både langrenn og alpint. Det vart ein dag full av meistring, latter og mykje knall og fall. Nybyrjarane viste eit fantastisk pågangsmot og mange knall "skikoden" i løpet av dagen.  

Feriemoro er eit prosjekt i regi av frivilligsentralen og flytningkontoret i Ørsta kommune, og er støtta av tilskot frå BUFDIR. Med seg på laget var gode hjelparar frå friluftslinja ved Høgskulen i Volda, Ørsta Røde kors og gjengen ved Ørsta skisenter.

Følg oss