Feiring av sommarles!

Tirsdag den 17. september feira vi avslutninga til årets Sommarles her på biblioteket. 

Vi hadde besøk av Torunn Tusj, som fortalde livshistoria til Roald Dahl. Dette var gøy og interessant, der innhaldet både var morosamt, spennande og skrekkeleg!

 

Premieutdeling

Etterpå var det tid for å dele ut premiar og takke alle borna som hadde vore med på lesekampanjen denne sommaren. Vi hadde 29 born som var påmeldt til festen, og fleire av dei hadde med foreldre og/eller søsken. Elles har det vore rekordmange som deltok i årets lesekampanje; heile 255 born! Og desse las til saman nærmare 300.000 sider!

  • Dei fem borna som hadde lese mest fekk ei tjukk og god bok som premie. Storlesarene våre var: Aminah Khan, Nour Ismahene Zambrano Zerfaoui, Ragna Hofset Kile, Helene Hjellen Sivertsen og Jasmin Khan.
  • Hovedpremiane, som var gåvekort til Ørsta kulturhus og kino, gjekk til Livia Marie Bjørdal Nygård, Emma Håskjold, Elen Flem Øye, Isabella Myklebust Vedvik og Nikolai Halse.
  • Teaterbillettar til borneframsyning, som blir spela av Teateret Vårt den 17. oktober på Ørsta kulturhus, gjekk til Andrine Falch og Peder Sundalskleiv.
  • Elles vart det også delt ut fem fribillettar til Ørsta kino, fire himmelblå gymposar med biblioteklogo og 21 mindre bokpremiar.

Kvelden blei avslutta med utdeling av brus og Kuli.

Vi, som jobbar på biblioteket, takkar alle deltakarane for ein kjempeinnsats og ønsker både noverande og nye lesarar velkomne til Sommarles 2020 neste sommar!

 

Har du ikkje fått diplom?

Dei borna som enda ikkje har fått sommarlesdiplom kan hente dette på biblioteket. Kom og spør oss! Siste frist er 12. oktober.

Følg oss