Verdsdagen for psykisk helse 2022: Vi treng kvarandre. #løftblikket

verdensdagen.no

 

Måndag 10. oktober er det Verdsdagen for psykisk helse, med oppfordring om å løfte blikket. I Ørsta blir det markert med kafé og kino.

Dagen vert markert i over 150 land og det er månge markeringar rundt om i Norges land både på sjølve dagen og i løpet av veka. Les meir om verdensdagen på verdensdagen.no

 

Markeringar:

Kino og kafé måndag 10. oktober
I Ørsta er det blant anna samarbeid mellom Ørsta kulturhus og kino, Skravlekopp og Møteplassen kafé. Her vert det kino-dagvising med kaféstemning og servering i forkant av den morosame, varme og ærlege filmen ROSE. Filmen handlar om Inger som har schizofreni, og den tek oss med på ein bussreise til Paris. Det vert lova både latter, tårer og alvorlege augneblink. Filmen har hausta mykje gode tilbakemeldingar, og den er underhaldande samstundes som den er med å gje personar med psykisk utfordingar ei stemme. 

Det vert servering/stand frå kl. 12.00
Filmen startar kl. 13.30
Serveringa er inkludert i billetten.

Håpar du kjem og markerar dagen saman med oss!

Tombola og kulturkafé fredag 14. oktober
Fredagen blir det markering i Ørstahallen
Kl. 11:30 samtstundes med tombola, kulturkafé til inntekt for årets TV-aksjon. Det blir stands og gratis kaffi og kaker. Arrangementet er i år som dei siste åra eit samarbeid mellom flyktningkontoret, LPP Søre Sunnmøre, frivillisentralen og tenesta for psykisk helse og rus.

 

 

Skriv av Stine Riise frå tenesta for psykisk helse Ørsta:

Verdensdagen for psykisk helse 2022:  Vi treng kvarandre. #Løftblikket

Løft blikket er årets tema når verdensdagen for psykisk helse skal markerast.

Kvart år går verdensdagen av stabelen den 10.10, og både veka før og påfølgjande veke er det mange ulike markeringar rundt omkring i landet.  Etter fleire år med pandemi, krig og andre kriser i verda treng vi kvarandre meir enn nokon gong, og fokuset i år legg mykje vekt i det å vere medmenneskje.

Einsemd og utanforskap har fått mykje merksemd og gått hand i hand med nyheiter om den eine krisa etter den andre dei siste åra. Kriser kan gjere noko med oss, og mange kan blant anna kjenne på usikkerheit. Ikkje alle har folk rundt seg dei kan prate med eller reknar som nære. Verdensdagen skriv at i 2020 var 11 % av befolkinga plaga av einsemd, der tala blant ungdom har auka jamt. Kvar fjerde ungdom oppgir at dei ikkje har nokon å snakke med når livet vert vanskeleg. For sårbare grupper er utanforskapen enno større. Korleis krisene kan ha påverka oss og statistikken kring utanforskap og einsemd kan seie oss noko om kva vi bør fokusere på.  Det motsette av einsemd og utanforskap kan vere inkludering og fellesskap, og sosiale møtestader kan difor trekkast fram som viktige arenaer for meiningsfulle kvardagar, ein stad for gode samtalar og å knyte nettverk. Så vert arbeidet opp til oss alle med å gjere desse meir opne og tilgjengelege for dei som føler seg utanfor.  På trass i at møtestadane eksisterer, er det ikkje alle som finn vegen dit på eigahand. Nokon kan trenge ein ekstra puff. Alle kan vi vere ansvarlege for det samfunnet vi vil ha, og alle kan ha påverkingskraft. Noko så lite som eit blikk, seie hei eller gje eit smil kan skape ringverknader, og opplevast som ein invitasjon inn i varmen, at nokon ser deg. Både born, ungdom, vaksne og eldre har godt av å bli sett, og det kan vere læraren, forelderen til venninna, skulevegkompisen,  trenaren, turnvennen eller mannen i gata som både gir og får tilbake.

I Ørsta har vi fleire fine organiserte møtestader, men dei fins også i andre former og størrelsar: i kantina på skulen, fotballbana i grendalaget, på busstoppet, kafeen på kjøpesenteret og børsen på bygda. Dei små møtene i  kvardagen kan vere minst like viktig. Å gjere andre godt kan også gagne deg sjølv, i følgje Helsenorge. Ein kan både auke livskvalitet og oppleve meistring ved å hjelpe andre.  Det kan vere alt frå å gje ein venleg kommentar til å delta i frivillig arbeid: der er noko vi alle kan bidra med. Det er godt å vite!

verdensdagen.no kan ein lese meir om årets tema, samt finne markeringar ein kan delta på i nærleiken av der du er. Blant anna er det lagt opp til fleire markeringar i Ørsta og omegn.

Ei av Verdensdagen si oppgåve er å rette fokus og vise veg, og så er det opp til oss andre å handle deretter.  «Det er tross alt ganske vanskelig, og til og med farlig, og være menneske helt alene» Sitat Remi Andre Olsen, Mental Helse Øksnes.

Løft blikket!

Følg oss