Vallamarka fyller seg opp - nokre ledige plassar

Leiligheitene på Vallamarka ligg i andre og tredje høgda over det nye legesenteret og er moderne utforma. Dei er tilknytt heildøgns omsorg, og det er heimebasert omsorg som yter tenester i bygget.

Vallamarka er plassert i nærleiken av Bakk-ola-marka der ein kan nytte seg av aktivitetssenteret sine tilbod. Tildelinga av leiligheitene er behovsprøvd der føresetnaden for tildeling, er vedtak om helsetenester i heimen.

Søknadsskjema - elektronisk

Søknadsskjema - PDF

 

Målgruppa for utleige er:

  • personar med somatiske sjukdomar eller funksjonshemmingar og som treng
  • ein tilpassa og funksjonell bustad og har
  • behov for helse- og omsorgstenester til ulike tider av døgnet.

 

Framleis ledige leilegheiter:

Det er hittil tildelt 11 bustadar fordelt på begge etasjer. Vi har fleire ledige leiligheiter.

Alle som får tildelt bustad vil få tilbod om å søkje bustønad i Husbanken. Bustønad er behovsprøvd, men vil med dagens satsar redusere husleiga med eit par tusen kroner for dei med låg inntekt.

Søknadsskjema finn du over.
 

Størrelse på leilegheitene:

Dei 20 bustadane har ulik storleik frå 40 m2 til 80 m2, men dei fleste er ca 53 m2 store. Dei minste leiligheitene er utan soverom medan den største leiligheita har 2 soverom. Alle leiligheitene har kjøkken inkludert kvitevarer

I kvar etasje er det til disposisjon romsleg med fellesareal, m.a vinterstove med god utsikt. Alle leiligheitene disponerer eiga bod på ca 8-9 m2. Bustadane er lett tilgjengeleg med heis og høve for bilparkering også for besøkande.

 

Tidlegare artiklar:

Følg oss