Saman i desemberMøteplassen Aktivitetssenter og kafé Småjobbsentralen i Ørsta vil skape ei koseleg førjulstid og inviterer alle innbyggjarar til å delta på «sammen i desember». I samband med at Ørsta skal bli skravlekoppkommune, er vi med på kampanjen «sammen i desember» som Skravlekopp står bak. Kampanjen handlar om nettopp det å vere saman, sjå kvarandre og å bli sett. Saman skal vi skape flest mogleg menneskemøter før jul, anten i form av fysiske møter, per telefon eller video. Småjobbsentralen oppmodar innbyggjarar, lag og organisasjonar til å arrangere skravletreff. Dette kan vere å ta ein telefon til ein ven, sende ei julehelsing til ein fjern slektning, gå ein tur saman med ein kollega eller ta ein kaffikopp med ein nabo. I tida som vi er i må vi hugse å følgje smittevernråda og avgrense antal personar vi er saman med. Opningstider Møteplassen Måndag kl.08.30 - 15.00 Tysdag kl.08.30 - 15.00 Onsdag kl.08.30 - 19.00 Torsdag kl.08.30 - 15.00 Fredag kl.08.30 - 15.00 Møteplassen aktivitetssenter og kafé har ope alle vekedagar. Hit kan alle som ønskjer kome innom for eit hyggjeleg skravletreff. Kvar måndag tilbyr Møteplassen og Småjobbsentralen gåtur frå Viketunet 12.30, det er bere å møte opp. Vi går ei runde i sentrumsområdet. Vis at vi Ørstingar tenkjer på kvarandre, er rause med kvarandre og har eit godt og varmt lokalsamfunn! Lukke til og god førjulstid. Registrer dine skravletreff og les meir om kampanjen på sammenidesember.no Publisert 08.12.2020 09:57