Resultat av spørjeundersøkinga "Leve heile livet"

Prosjektleiar for "Leve heile livet" Stina Jakobsen (til venstre) og eldrerådet har jobba saman med undersøkinga. Eldrerådet (frå venstre): Leiar i eldrerådet Toril Langlo, og medlemene Steinar Nordang, Eldbjørg Tvergrov, Bjarte Roth, Ludvik Flåskjer, og Brit Aanning Aarseth. Gudny Fagerhol var ikkje tilstade då biletet vart teke. Ingvild Marie Taraldset

I samband med innføringa av eldrereforma «Leve heile livet» vart det gjort ei spørjeundersøking hjå heimebuande over 60 i Ørsta. Vi er takksame for alle svar vi fekk inn og ser at vi har ei god fordeling med tanke på alder og kvar dei er busette. Kristiansund har lånt undersøkinga vår og fått svært like svar, så vi meiner svara er representative.

 

Du finn lenke til presentasjonen nedst på denne sida.

Kva kan du lese i denne artikkelen?
Det som kjem fram i teksten nedanfor er eit grunnlag som det skal jobbast vidare med. Det vil bli sett nærare på samsvaret mellom på kva slags tiltak ein kan sette inn, og det behovet som er. Vi vil finne ut kva det er viktigast å gjere noko med, og det vil bli sett på kva ressursar som er tilgjengeleg. Her vil eit samarbeid mellom kommunen, næringslivet og lag og organisasjonar stå sentralt. Resultatet av denne prosessen vil bli presentert på eit seinare tidspunkt.

Så i første omgang kjem vi her med eit oversyn over dei svara som spørjeundersøkinga har gjeve. Det kan og nemnast at det i tillegg til undersøkinga er gjort ei kartlegging av tenestene i fleire områder i kommunen som berører eldre, og vi har òg fått innspel frå lag og organisasjonar.
 

Gjennomgang av spørjeundersøkinga

Fysisk miljø/uteområde
54% opplever ikkje hindringar når det gjeld å bevege seg utandørs.

Nokre eldre saknar bl.a. fleire benkar, meir belysning og opplever utfordringar med fortau, hindringar i butikkar, mangel på lydforsterking, toalett og skilt, og nokre beveger seg lite ute når det er is/snø. Særleg eldre med redusert balanse lyftar fram utfordringar med transport som eit hinder for å vere i bevegelse.

Bustad
Av dei som har svart på undersøkinga bur 78% over fleire plan. 56% trur ikkje dei på sikt vil trenge anna bustad. 34% vil derimot trenge å tilpasse bustaden sin for å halde fram med å bu der om dei får dårleg helse og t.d. vanskar med å gå. Av resten av dei som vil halde fram med å bu heime, vil over halvparten ha behov for hjelp til vedlikehald av hus og uteområde. Tilskotsordninga for tilpassing av bustad er lite kjent.

44% av alle som svarte seier dei ønskjer eller truleg vil ha behov for å flytte frå bustaden dei bur i på sikt. Nesten halvparten av desse ønskjer å kjøpe seg anna bustad, medan den andre halvparten ønskjer å leige kommunal bustad eller sjukeheimsplass. Ein liten andel ønskjer å leige privat.

Om det vert aktuelt å flytte er det i hovudsak ønskjeleg å ha veranda, alt på eit plan, 2 soverom, garasje/carport, bod, fellesareal og tilgang til serviceperson som kan hjelpe til med ting ein ikkje klarar sjølv.

Dei fleste som bur i Ørsta eller Hovdebygda ønskjer å flytte til sentrum/nær butikk og aktivitetstilbod om dei må flytte. Dei som bur i Sæbø/Hjørundfjorden og Vartdal/Barstadvik ønskjer i hovudsak å bu sentralt på tettstadene dei bur eller i nærleiken av familie om dei skal flytte, medan nokre få ønskjer å flytte til Ørsta sentrum.

Vi veit frå før at 41% av dei over 75 og 56% av dei over 80 bur åleine. Om dei som no bur saman med nokon vert åleine, ønskjer 42% å halde fram med å bu i same hus, medan 33% ønskjer å flytte til leilegheit med fellesareal.

Førebuing av alderdommen
Når vi spør «kva er viktig for deg» svarar mange «at eg får hjelp når eg treng det». 70% planlegg alderdommen i liten grad, medan 10% planlegg godt. Det vil vere viktig å få fleire til å planlegge fram i tid for å kunne leve eit sjølvstendig liv med god livskvalitet. Dette gjeld å tenkje på mellom anna bustad, moglegheit for transport og det å ivareta fysisk og psykisk helse. Den siste faktoren er ofte knytt til sosial omgang og ivaretaking av nettverk.

Transport
Det å ikkje kunne køyre sjølv er ei stor utfordring for mange og det er kopla til reduksjon i kjensla av å meistre eiget liv, isolasjon og einsemd. I undersøkinga har mange svart at ein vert avhengig av andre, at det er lite/manglande kollektivtilbod eller lang vei til busshaldeplass. Andre utfordringar er å kome seg inn/ut av buss, vanskar med å finne parkering nær nok dit ein skal og pris på transporttilbod gjer at fleire nedprioriterer sosiale aktivitetar.

Ein del eldre treng hjelp til mange oppgåver
15% av dei som har svart opplever stort eller svært stort tap av funksjon. I arbeidet med spørsmål kring oppgåver som eldre treng hjelp til, har heimesjukepleien supplert med verdfull informasjon. Vedlikehald av hus og uteområde, grasklipping, snømoking, rydding/vasking, skyss til bank, fotpleiar, frisør, hente pakke mm., følgje til sjukehus, sosiale behov, bli tatt med ut på sosiale treff, følgje når dei skal gå tur, skifte lyspære, rulle hår, få i seg nok mat, handle og svært mange treng hjelp med TV/mobil. Vi har spurt om kva som er viktig dersom eldre flyttar til annan bustad, og halvparten ønsker seg tilgang til serviceperson som kan hjelpe til med ting ein ikkje klarar sjølv.

Seniorressursen
Eldre er dei som bidrar mest innan frivillig arbeid i følgje frivilligbarometeret og dei fleste eldre er spreke, ressurssterke og kunnskapsrike. 70% av alle som har svart på undersøkinga seier dei kan bidra med noko innan frivillig arbeid. Dei ønskjer då å bidra med noko dei er interessert i /flink på og fleksibilitet er veldig viktig for mange. Fleire har svart at dei kunne tenkje seg å vere med å leie treningsgruppe for eldre med støtte av fysioterapeut eller turgruppe. Andre ønskjer å bidra til å hjelpe eldre med å auke digital kompetanse og nokre vil drive sosial møteplass i nærleiken av der dei bur. Stina Jakobsen oppmodar alle desse til å ta kontakt.  

 

Over 70% av dei som svarte på spørsmålet var positive til å delta i frivilleg arbeid – eit gledeleg resultat.

   

 

Digital kompetanse
Det er svært variabelt kor flinke dei over 60 er med digitale verkty. Nokre er svært kapable, medan 21% er svært lite digitale og ein del har ikkje internett eller digitale verkty. I følgje eldrerådet og pensjonistforbundet er det stort behov for opplæring for å klare enkle funksjonar på telefon, å klare å finne informasjon på internett, å utføre banktenester osv. Dei seier eldre har stor vilje til å bli meir digitale, men dei treng eit opplæringstilbod for å kunne navigere trygt i den digitale verda.

Helse og teknologi
Heile 83% var positive til å sjølv eller få pårørande til å melde inn behov for hjelp frå frivillige i ein digital plattform.

Dei fleste eldre ser fordelar av velferdsteknologi og ein og same person kan sjå både fordelar og ulemper med teknologi. Det mest positive er at dei kan vere trygg på å få hjelp når dei treng det om dei har eit alarmsystem. Mange føler velferdsteknologi gir auka sjølvstende og meir fridom. Om nokon installerer det og gir opplæring trur dei det skal gå å bruke, men nokre er bekymra for kva som skjer om det ikkje verkar. 13% er glad for å sleppe å få folk inn i huset når det ikkje er naudsynt. 17% er redd det gjer at ein får mindre sosial kontakt. Berre 5% er redd for å bli overvaka. 

Om ein skulle byrje å bli dement er det viktig for dei som har svart å både ha alarmsystem og teknologi som støttefunksjonar, men også at nokon kjem innom jamleg og at dei får hjelp til å kome seg ut på aktivitetar dei likar.

Størstedelen ønskjer at pårørande/ven/nabo vert tilkalla først om ein har eit alarmsystem, og kommunen om dei ikkje svarar. Ein del ser det kan vere nyttig at kommunen vert kontakta for enkelte ting og pårørande andre, medan nokre har pårørande som preferanse og andre kommunen.

Informasjon
Papirutgåva i Møre-Nytt er der flest eldre helst vil ha informasjon om arrangement og faste tilbod, men gjerne også i avisa si nettutgåve, i sosiale medium og i aktivitetskalender på kommunen si nettside. Nokre ønskjer brosjyre og bruk av oppslagstavler i bygdene. 

Når det gjeld helse- og omsorgstenester ønskjer dei hovudsakleg informasjon i papirutgåva av Møre-Nytt og kommunen si nettside. Mange ønskjer også informasjon i nettutgåva av Møre-Nytt, i tilsendt brosjyre, personleg heimebesøk av helsepersonell eller informasjonsmøte.

I Kristiansund gjorde dei same undersøking, men tok med vala sms og e-post og der var det desse alternativa som kom høgast. Desse vala var ikkje med i vår undersøking.

Fall
Ørsta ligg på toppen på hoftebrotsstatistikken på Søre Sunnmøre. I følgje spørjeundersøkinga har ca. 30% har falt det siste året og like mange er ustø og redd for å falle. 16% har redusert aktivitetsnivået grunna frykt for å falle. Av dei som får helse- og omsorgstenester har 50% falt det siste året og 70% er ustø og redd for fall.

Fysisk aktivitet
Dei fleste er veldig aktive! 33% er inaktive. Det er verd å merkje seg at talet er nokså likt statistikken for fall og ustøheit.

Sosial kontakt
Halvparten føler seg tilstrekkeleg sosiale som det er. 11% er einsame og 7% har nesten aldri sosial kontakt med vener/familie utanfor din husstand. Av dei som ønskjer å vere meir sosiale er utfordringa eiget initiativ, manglande tilbod der dei bur, at dei ikkje vil vere til bry, at dei er i for dårleg form, at dei ikkje føler dei har nokon dei kan spørje eller omfattande omsorgsoppgåver. Fleire av dei som er einsame kunne tenkje seg å bidra innan frivillig arbeid.

PårørandeDet varierer kor nøgde pårørande er med tilboda. Det som gjer kvardagen lettare for pårørande er at den dei er pårørande for får den hjelpa han/ho treng, å ha ein frivillig aktivitetsven/besøksven, avlastningsopphald på sjukeheim, ein koordinator, eit dagtilbod og når ting ikkje fungerar heime lenger ein anna busituasjon.
 

Avslutningsvis
Det som kjem fram i teksten ovanfor er altså eit grunnlag som det skal jobbast vidare med. Det vil bli sett nærare på samsvaret mellom på kva slags tiltak ein kan sette inn, og det behovet som er. Vi vil finne ut kva det er viktigast å gjere noko med, og det vil bli sett på kva ressursar som er tilgjengeleg. Her vil eit samarbeid mellom kommunen, næringslivet og lag og organisasjonar stå sentralt. Resultatet av denne prosessen vil bli presentert på eit seinare tidspunkt.

Så i første omgang var dette eit oversyn over dei svara som spørjeundersøkinga har gjeve. Det kan og nemnast at det i tillegg til undersøkinga er gjort ei kartlegging av tenestene i fleire områder i kommunen som berører eldre, og vi har òg fått innspel frå lag og organisasjonar.

 

Rapport: Spørjeundersøkinga "Leve heile livet" – Ørsta kommune

Sjå presentasjon av resultata

Last ned presentasjonen som PDF

Spørjeundersøkinga - Skjemaet

 

Foto: Pixabay

 

Følg oss