Pårørandeskule for pårørande til personar med demens

Illustrasjonsfoto: Matthias Zomer / Pexels - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Matthias Zomer / Pexels  

Volda kommune og Ørsta kommune er glade for å kunne tilby pårørandeskule for nære pårørande til personar med demens. 

Kommunane samarbeider med Volda og Ørsta demensforeining om kurset. Demensforeininga arbeider for å spreie informasjon om demens, hjelpe dei pårørande, og fremje best moglege livsvilkår for dei som vert ramma av demens.

Mål for pårørandeskulen:

  • Gi pårørande auka kunnskap om demens.
  • Gi grunnlag for at pårørande betre kan takle situasjonen sin.
  • Betre kvaliteten på samværet med den sjuke, i heimesituasjon og på institusjon.
  • Bidra til at pårørande får kjennskap til kva rettar dei har, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.

 

Program

Kurset er gratis og går over fire kveldar. 

  • torsdag 11. mars kl.18: Om å kommunisere med personar med demens.
  • torsdag 18. mars kl.18: Friskliv og fysisk aktivitet - også for personar med demens!
  • tysdag 23. mars kl.18: Om demens og konsekvensar av sjukdomen.
  • torsdag 25. mars kl.18: Kva rettar har ein og kva tilbod finst i Ørsta og Volda? 

Kvar samling har faglege innlegg med gode foredragshaldarar og tid til spørsmål og samtale. Kursstad denne gongen er Ørsta Røde Kors sine lokale i Strandgata 21. Gjeldande krav til avstand og smittevern vil bli fulgt under heile kurset. Les meir om kurset og programmet her.

 

Påmelding

Dersom du ynskjer å vere med på pårørandeskulen må du ta kontakt med ein av desse personane:

Astrid Dimmen (Volda kommune)

Kjersti Årøen (Ørsta kommune)

Ved påmelding treng vi namn og telefonnummer.

Frist for påmelding er 8. mars 2021

Følg oss