Ørstaheimen har fått ny minibuss

Bilde viser personane nemt i bildeteksten som står foran minibussen. - Klikk for stort biletePer Myklebust frå Bertel O. Steen, ordførar Stein Aam, tenesteleiar Wenche Flo og sjåfør Torbjørn Geitvik. Ingvild Marie Taraldset

Flagget vart nesten heist på Ørstaheimen torsdag i forrige veke då dei tok imot den nye minibussen sin.

«Det er ein gledeleg dag», seier tenesteleiar Wenche Flo. Den gamle minibussen til Ørstaheimen er over fjorten år gammal og bikka 255 000 km dagen før. Så no var det på tide med ny minibuss.

Sjåfør Torbjørn Geitvik er også veldig fornøgd og nemner at det er ei stund sidan han hinta frampå om at det var på tide å snart byte ut minibussen, og er veldig glad for at den nye, flotte bussen endeleg er her. Han gler seg no til å køyre rundt på brukarane i den nye bussen.

Bertel O. Steen leverte bilen og kommunen er fornøgd med å ha ein lokal leverandør som vi har gode erfaringar med. «Her er alt heilt nytt, og tilpassa brukarane», seier Per Myklebust frå Bertel O. Steen. Bussen kosta rundt 1,2 millionar kroner, og den har ekstra beinplass, stor døropning og høg komfort. Det er plass til 16 passasjerar og har god plass til gåstolar i bagasjerommet.

Bilde viser minibussen som står på plassen utanfor Ørstaheimen. - Klikk for stort bileteDen nye, flotte minibussen til Ørstaheimen køyrde inn på plassen torsdag. Ingvild Marie Taraldset Bilde viser setene og interiøret inne i bussen. - Klikk for stort bileteHer er det god beinplass og plass til 16 passasjerer. Ingvild Marie Taraldset

Følg oss