Livsglede på HjørundfjordheimenKvar tysdag vitjar elevar frå Helsefag ved Ørsta vidaregåande skule Hjørundfjorheimen i prosjektet Livsglede for Eldre Elevane skapar aktivitet på heimen, lærer korleis ein arbeidsdag kan vere, bli kjent med rutiner og bebuarane. Hjørundfjordheimen Dette er eit nytt prosjektsamarbeid mellom Hjørundfjordheimen og Helsefag elevar på Ørsta vidaregåande skule. "Hjørundfjordheimen er heldige som får ta del i dette prosjektet. Dei 14 Livsglede-elevane er fordelt på alle avdelingane på Hjørundfjordheimen og skal vere her ein dag i veka, heile skuleåret. Det gjer stor glede for bebuarane og dei tilsette," seier Elisabeth Dimmen og Bodil Skare. Verdiane til Livsglede for eldre er glede, engasjement, tryggheit og lagspel. Elevane skapar aktivitet på heimen, lærer korleis ein arbeidsdag kan vere, bli kjent med rutiner og bebuarane. Vi endrer eldreomsorgen! Livsglede for Eldre er ein ideell stiftelse som bidreg til å skape meningsfulle kvardagar for eldre. "Livsgledeheim" er ein nasjonal sertifiseringsordning og eit kvalitetsstempel for institusjonar der eldre bur, som sikrar at bebuarane får individuelle aktivitetar og gode dagar. Livsgledebarnehagar og livsgledeskuler besøker eldre jemnleg gjennom trivselsskapande aktivitetar som gjev gylne generasjonsmøter, gjensidig læring og meistring. Engasjerte ildsjeler i lokalforeningane våre skapar glede gjennom hyggelige arrangement i sitt nærmiljø. Les meir om prosjektet Livsglede for Eldre. Hjørundfjordheimen Publisert av Ingvild Marie Taraldset Publisert 03.10.2022 09:00