Kontakt heimetenesta på helsenorge.no På helsenorge.no kan du ta kontakt med heimetenestene i kommunen direkte. Dei som har teke i bruk helsenorge.no og fått innvilga ei heimeteneste, kan for eksempel: sende og motta meldingar frå helse- og omsorgstenestene i kommunen sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggjar kjem direkte inn i den elektroniske pasientjournalen Gerica. Gje andre fullmakt til å bruke tenesta på vegne av deg Dersom du ynskjer at nokon av dine nære skal hjelpe deg med denne kontakten, kan du gje dei fullmakt til dette. Ta i bruk Helsenorge-tenesta Om du ynskjer å ta i bruk denne kommunikasjonskanalen – gå inn på helsenorge.no og les meir om korleis dette fungerer. Det opp til deg som brukar eller pårørande til brukar av heimetenestene å ta dette i bruk, framfor telefon, e-post og SMS. Publisert 01.09.2020 08:01