Helsestasjonportal for Søre Sunnmøre

Klikk for stort bilete

Mandag 8. april vart Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre lansert. Dette er ei nettløysing utvikla i samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, samt SSIKT.

Den nye portalen samlar all informasjon om tilboda i jordmortenesta, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom på ein stad for heile Sjustjerna. Her finn du også svar på vanlege spørsmål, gode brosjyrar, samt nyttige lenker til kvalitetssikra informasjon og andre offentlege tenester.

Helsestasjonsportalen

 

Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjonsportalen er fyste del av prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», og har som mål å gjere informasjonen om desse tenestene lettare tilgjengeleg og meir attraktive for brukarane. Arbeidet med løysinga har tatt fire månader, og resultatet er sannsynlegvis den mest omfattande og oversiktlige samlinga av informasjon kring jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta i Noreg!

Brukarvennlegheit, klarspråk og eit solid fagleg innhald har vore i fokus for arbeidet med Helsestasjonsportalen. I tillegg gir den helsepersonell moglegheit til å dele brosjyrar digitalt med brukarane på ein enklare måte enn tidligare, slik at ein i større grad kan gå vekk frå papir. Løysinga inneheld også informasjon på engelsk, og ei samling av brosjyrar på dei mest nytta framandspråka i dei sju kommunane.

Vi håper særleg at alle svar på vanlege spørsmål kan vere til hjelp for innbyggarane, og at de lettare finn riktig informasjon når de lurer på noko knytt til graviditet, barn, ungdom eller vaksiner. Innhaldet er fagleg kvalitetssikra og oppdatert, i motsetning til mange av treffa ein får hjå Google eller ein annan søkemotor.

Helsestasjonsportalen har vore testa av innbyggarar før lansering, med svært gode tilbakemeldingar. Men saknar du noko håper vi at du nyttar deg av moglegheita til å gi tilbakemeldingar som ligg nede på alle sider, der du får spørsmålet «Fann du det du leita etter?».

Fann du det du lette etter?