Helsestasjon for ungdom opnar 3. mars

Helsestasjon for ungdom held til i Ørsta velferdshus. F.v.: sekretær Elisabeth Gretland, helsesjukepleiarane Sanna Driveklepp og Monica Matinda, jordmor Irene Winsnes og lege Alf Marius Raaberg.  Foto: Møre-Nytt / Rune Sæbønes - Klikk for stort bileteHelsestasjon for ungdom held til i Ørsta velferdshus. F.v.: sekretær Elisabeth Gretland, helsesjukepleiarane Sanna Driveklepp og Monica Matinda, jordmor Irene Winsnes og lege Alf Marius Raaberg. Foto: Møre-Nytt / Rune Sæbønes

Onsdag 3. mars opnar helsestasjon for ungdom i nye lokaler i Ørsta velferdshus. Tilbodet er gratis og krev ikkje timebestilling.

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for gutar og jenter i alderen 13-23 år og er eit supplement til skulehelsetenesta. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt, du kan vere trygg på at din helseinformasjon ikkje vert delt med andre.

Tenesta har open dør, og ungdom kan kome innom etter behov. Timebestilling er ikkje naudsynt. Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag kl.14.30-16.30, med lege til stades mellom kl. 15-16.

Inga sak er for stor eller for liten til å snakke med helsestasjon for ungdom. Dei som jobbar der er van til å prate om det meste, også det som er kleint, vanskeleg og utfordrande. Dei har mellom anna god kunnskap om seksuell helse, prevensjon og kjønnsjukdomar.

Aktuelle tema kan til dømes vere:

  • Sex og prevensjon
  • Naudprevensjon
  • Graviditet og graviditetstest
  • Kjønnssjukdomar og testing
  • Tankar og kjensler
  • Forelsking
  • Skulekvardag og fråvær
  • Lærevanskar
  • Kropp
  • Tristheit
  • Krangling
  • Mobbing
  • Vald og overgrep
  • Pubertet
  • Sjølvskading
  • Problem heime
  • Trening
  • «Den perfekte kroppen»
  • Røyk og snus
  • Rus
  • Omskjering

Kontakt

Ørsta Helsestasjon
94167848

Følg oss