Gratis HPV-vaksine til menn som har sex med menn

Folkehelseinstituttet har nettopp gått ut med eit tilbod om gratis HPV vaksine til menn som har sex med menn OG som er fødd etter 1991. Tilbodet går også til rusavhengige og sexarbeidarar. 

Det er eit ekstraordinært tiltak som gjeld for ei tidsbegrensa periode.


Først-til-mølla:

Folkehelseinstituttet har eit overskot av vaksiner på lager, og tilbodet gjeld så lenge restlageret rekk. Vaksina heiter Gardasil og er no på lager fordi myndigheitene etter anbodskonkurranse har valgt å gi vaksina Cervarix i staden i barnevaksinasjonsprogrammet (i 7. klasse), tidlegare var det Gardasil som vart gitt her. Det er nok vaksiner til 6000 personar til dette føremålet, og vaksina blir gitt etter først-til-mølla-prinsippet.

Vaksineringa må starte seinast i november 2018 på grunn av haldbarheita på dette restlageret av vaksine. Vaksina skal settast i tre doser med bestemte intervall.

HPV vaksina vil verne mot infeksjon med hpv-viruset, noko som igjen kan føre til bl.a. analkreft og livmorhalskreft. Denne vaksina vil også beskytte mot kjønnsvorter. Mange menn som har sex med menn er plaga av anale kondylom/kjønnsvorter. HPV viruset smittar lett og smittar via sex. Det infiserer slimhinnene og gir vanlegvis ingen symptom. Dei fleste kvittar seg med viruset, men hos nokre blir viruset verande og då kan det gi kreft. Det finst mange ulike typer hpv virus, nokre typer kan gi kreft, andre kan gi kjønnsvorter.

Frå hausten 2018 er det starta med tilbod om HPV vaksine til alle gutar i 7.klasse på lik linje med jenter. Det er foreløpig ingen planer om at det skal bli eit opphentingsvaksineprogram for alle gutar fødd etter 1991, slik eldre jenter fødd etter 1991 no har fått tilbod om siste par åra.
 

Bestill time: 

Ein kan ringe helsestasjonen og bestille seg time til vaksinering, det foregår på bestemte dagar.
Telefon 700 49 860 - mand., onsd., torsd. kl 9-15, tirsd. og fred. 9-10 og 14-15.
 

Meir informasjon:

Folkehelseinsituttet si nettside

Følg oss