Friskliv Ørsta tilbyr no helsesamtalar også til vaksne

Friskliv Ørsta vil fortsatt ha hovudfokus på førebyggande tiltak for barn og unge. Vi vil likevel dreie litt ressursar over på vaksne og vil difor tilby helsesamtalar også til vaksne.

Helsesamtalar er ein endringsfokusert samtale med mål om endring av levevanar; i hovudsak retta mot fysisk aktivitet og kosthald. Helsesamtale er eit gratis tilbod.

Dette blir dermed ein-til-ein oppfølging, og vi vil dessverre ikkje ha kapasitet til å tilby gruppetreningar og kursverksemd for vaksne i denne omgangen.

Ein kan ta kontakt med fysio/frisklivsrettleiar Karen A. Øie på tlf 90 11 87 60 eller på friskliv@orsta.kommune.no for å sette opp avtale.

 

 

Les meir om tenesta Friskliv Ørsta

 

 

Kontakt

Karen Øie spesialfysioterapeut/frisklivsrettleiar
90118760
@ Karen Øie

Følg oss