Folkehelseprofil 2022 for Ørsta kommune

Folkehelseprofil 2022Folkehelseinstituttet gjorde Folkehelseprofil 2022 for kommunane tilgjengelege den 15. februar.

Folkehelseprofil er eit bidrag til kommunen sitt arbeid med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jmf. folkehelselova §5. Den er på fire sider.

Tema for folkehelseprofil 2022 er livskvalitet, og vert omtalt på side to og tre. God livskvalitet er eit viktig mål i folkehelsearbeidet.
 

Livskvalitet er ein verdi i seg sjølv

I folkehelseprofil til alle kommunane står det om god livskvalitet, og korleis det fremjar helse, sunne levevanar og styrkar motstandskrafta i møte med belastningar i livet.

Livskvalitet omfattar både objektive faktorar som økonomi, bustadhøve og deltaking i samfunnet, og subjektive faktorar som glede, meining, engasjement og tilfredsheit. Oppleving av tryggleik, fellesskap, utvikling og høve til å påverke er viktig for livskvaliteten. Det ein gjer i kvardagen har stor betyding, og «dei fem kvardagsgledene» (figur 1) som inkluderer det å knyte band, vere fysisk aktiv, halde fram å lære, vere merksam tilstade og å gi til andre, bidreg positivt til livskvalitet.

Dei fem kvardagsgledene som kva kommunen kan fremje.
Kommunen kan gjennom systematisk planarbeid legge til rette for god livskvalitet. Les meir om dette i Folkehelseprofil 2022.
 

Folkehelsebarometer

Ein del av folkehelseprofil er eit folkehelsebarometer på side 4. Dette barometeret har fem ulike tema, og til saman 34 indikatorar. Statistikk syner korleis Ørsta kommune ligg an i forhold til fylket og landsgjennomsnittet. Fargane grøn, gul og raud er nytta for å syne om kommunen ligg betre an enn landsnivået, ikkje signifikant skilnad til landsnivået eller dårlegare an enn landsnivået.

Vi har fem raude verdiar i Ørsta av totalt 34 indikatorar. Det vil seie dei områda der kommunen ligg tydeleg dårlegare an enn landsgjennomsnittet. Dei raude verdiane gjeld:

  1. Mottakarar av uførepensjon, 45-66 år. Verdien er på 17,8%, mot 15,2 på fylket og 16,6 i Noreg. Arbeid gjev tilgang til viktige helsefremjande ressursa som sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomik tryggleik. Kor mange som får uføreyting er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringslivet, utdanningsnivået og jobbtilbodet i kommunen.
  2. God drikkevatn, hygienisk og stabilt (tal for 2019). Verdien er på 88 prosent, mot landsgjennomsnittet på 90 prosent. Nylege rapporteringstal for 2021 syner at har vi stabilt og godt drikkevatn frå dei kommunale vassverka. Det er særs få avvik med omsyn til kvalitet og leveringstryggleik. Råvasskjeldene har jamt over god kvalitet og kvantitet.
  3. Psykiske symptom/lidingar, 0-74 år. Vi er over både fylkes og landsgjennomsnittet, og har vore det dei siste fem åra. Denne statistikken er henta frå antal unike personar i kontakt med fastlege eller legevakt for muskel- og skjelettrelaterte plager inkl også kontakt med fysioterapeut og kiropraktor.
  4. Muskel og skjelett. Også her er vi over fylket og landsgjennomsnittet.
  5. Overvekt og fedme, 17 år. Denne statistikken er henta frå sjølvrapportering ved sesjon 1. Statistikken syner 4 års gjennomsnitt. Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2 diabetes, hjarte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegift i kne og hofter og i nokre tilfeller kreftsjukdomar som tjukktarmskreft (kjelde: fhi).

Sju av dei 34 indikatorane har grøne verdiar i Ørsta og vi ligg betre an enn fylke- og landsnivået. Dette gjeld:

  1. Vedvarande låginntekt, alle aldre er lågare i Ørsta. Det er ein samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Levekår har mykje å sei for motivasjon og evne til å oppretthalde helsebringande levevanar som regelmessig fysisk aktivitet, sunt kosthald, avhald eller måtehold knytt til bruk av tobakk og andre rusmiddel.
  2. Vi har færre barn av einslege forsørgarar
  3. Det er færre som bur trongt (0-17 år)
  4. Vi har god luftkvalitet
  5. Vi hadde god valdeltaking i 2021. Valdeltaking kan nyttast som eit mål på engasjement i samfunnet.
  6. Ungdom opplever at det er trygt i nærmiljøet. Sjølv om 89% av ungdomane som svara på Ungdata undersøkinga i 2019 opplever eit trygt nærmiljø, så er dette 5% lågare enn i 2016. Vi har nett gjennomført ny Ungdata undersøking, og vi ventar resultata frå denne om 5-6 veker.
  7. Forventa levealder hos kvinner er høgare i Ørsta.

Folkehelseprofil 2022

Sjå òg Folkehelseprofilane for tidlegare år.

Følg oss