Demenskoordinator i Ørsta kommune

Bodil Skare har seksti prosent stilling som demenskoordinator i Ørsta kommune. Ho starta jobben i september og skal koordinere tenester og tilbod.

Bodil har vidareutdanning i å arbeide med personar med demens og lang erfaring frå området frå arbeidet på Hjørundfjordheimen.

Når nokon har mistanke om at ein har demens eller har endra åtferd, er det viktig å kontakte fastlegen, som deretter tar kontakt med demensteamet. Det er viktig å opprette kontakt tidleg og ha godt samarbeid med den som blir ramma og pårørande. 

Les meir om demensteamet og Pårørandeskulen.
 

Bodil Skare

Kontaktinformasjon
Bodil Skare
Telefon:
91 11 35 78

E-post: bodil.skare@orsta.kommune.no 

Følg oss