Bustadmesse 2023 – Korleis kan du planlegge framtida i eigen bustad?

 

 

Ørsta kommune vidarefører arrangementet frå i fjor og inviterer til ny bustadmesse torsdag 26. oktober på Ørsta kulturhus.

  • Torsdag 26. oktober
  • Klokka 12.00–17.30
  • Ørsta kulturhus​​​​​​

Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.

Undersøkingar syner at folk flest ønskjer å bu i eigen heim så lenge som mogleg. Kva kan ein gjere for å få til det?

Det er viktig å spørje seg sjølv tidleg og før behovet er der: Er bustaden som eg bur i tilrettelagd for meg, familie og vener om nokon får helseutfordringar og funksjonsnedsettingar? Er alle hovudfunksjonar på inngangsplanet? Er badet romsleg nok og tilrettelagd? Er døropningar breie nok og terskelfrie? Er belysning ute og inne tilstrekkeleg? Korleis er åtkomsten til bustaden, og kva med vedlikehald, hagearbeid og snømoking?

Skal ein gjere tilpassingar i bustaden ein bur i, eller velje å kjøpe eller leige ein meir eigna bustad? Dette er viktige spørsmål for alle innbyggarar i kommunen uavhengig av alder og livsfase.

På messa vil det vere informasjon om praktiske tilretteleggingar av bustaden, kva som er viktig å vektlegge ved val av ny bustad, erfaringar med ulike butilbod i Ålesund kommune,  råd om lån og tilskot, og informasjon om byggeprosjekt i Ørsta. Programmet for bustadmessa vert variert og vil veksle mellom informasjon frå scena og moglegheit for å besøke utstillingar.

Bustadmessa vert arrangert i samarbeid med m.a. Husbanken, lokale bankar og byggenæring.

Merk deg dato, tid og stad, vi kjem attende med detaljert program etter kvart.

 

Irene Graskopf

Prosjektleiar «Leve heile livet i eigen bustad»

 

 

Følg oss