Oppgradering av Vikeparken

I vikeparken. F.v.: Gunnar Wangen (einingsleiar plan og miljø), Elling Dybdal (adm.dir Tussa Energi), ordførar Stein Aam, Lars-Ivar Egset (prosjektleiar Vikeparken), assisterande kommunedirektør Eldar Øye og Ann Kristin Einbu (kommunikasjonssjef, Tussa). Foto: Maria Engeseth

 

No har arbeidet med oppgradering av Vikeparken til aktivitetspark starta. 

Målet er å leggje betre til rette for aktivitet og leik som eit ledd i å styrke folkehelsa. Det er lagt vekt på at parken etter oppgraderinga skal tilby aktivitet og attraktive opphaldsstadar for alle brukargrupper.

Oppgraderinga av Vikeparken er ein del av det overordna tettstadprosjektet. Det handlar om å byggje Ørsta stein for stein i tråd med utviklingsplanen, slik at Ørsta vert ein attraktiv plass der innbyggjarar, besøkande og næringsliv trivast. Svendsenhagen vart ferdigstilt i 2018, og no er det Vikeparken og Skateparken som står for tur.

Etter planen skal parken stå ferdig til 17.mai 2021, og grovarbeidet skal vere ferdig til jul. Det skal installerast eit vidt spekter av tilbod knytt til uorganisert fysisk aktivvitet, mellom anna geoballbinge, trampoliner, parkour og trimapparat.

Prosjektet er tilført midlar frå tilskuddsordninga Nyskapende aktivitetsarenaer. Vi vil også rette ei stor takk til Tussa som er hovudsponsor i prosjektet. I 2021 er det 60 år sidan Tussa kraftverk kom i drift. No ønskjer dei å setje fokus på fornybar energi med ulike element i Vikeparken, mellom anna eit turbinhjul frå kraftverket på Bjørke. Tilseth AS er hovudentreprenør i prosjektet.

Anleggsområde Vikeparken - Klikk for stort bileteAnleggsområde Vikeparken

Til informasjon vil parken vere stengd for publikum i anleggstida. Gangvegen på utsida av parken langs hamna og sjøen skal så langt som mogleg haldast open. Arbeidet kan medføre auka anleggstrafikk i periodar for sentrumsområda.

Følg oss