Open brannstasjon i Ørsta

 

Laurdag 21. september
 Kl: 11.00 - 14.00

Laurdag 21. september vert det open dag på brannstasjonen. Her får de moglegheita til å sjå korleis vi i brannvesenet har det på jobb. Du får lære meir om brann og brannvern, sjå på brannbilar, prøve brannslangar, samt prøve seg som røykdykkar i teltet til Sivilforsvaret.

Det vert også rebusløp, utdeling av brannhjelm, vafler og saft. Bjørnis vert der frå 11:00-12:00 før han dreg vidare på Amfi for boksignering kl. 13:00.

Myklebust Brannsikring vil også vere på plass og utføre gratis kontroll av brannsløkkarar! - Så ta med deg apparatet du har heime med på ein sjekk.

Sivilforsvaret, politi og ambulanse er også invitert. Ta gjerne med syskjen, foreldre, tanter og onklar, bestemor og bestefar. Dette vert spannande for alle !

 

Følg oss