Ny fartsgrense for deler av Indrehovdevegen og Skulevegen

For deler av kommunevegane Indrehovdevegen og Skulevegen i Hovdebygda er det frå og med i dag innført ny fartsgrense, 30 km/t. 

Utstrekning av fartsgrensesona er vist med raudt.  

Vegane der ein no innfører 30-sone går gjennom tettbebygd strøk. Vegane er tilkomstvegar til Hovden skule og Hovdebygda barnehage og har tidvis stor trafikk av gåande og syklande skuleelevar, og ein del trafikk i samband med henting og levering i barnehagen morgon og ettermiddag. Skiltplanen har vore på høyring hjå Politiet og regionvegkontoret.

Følg oss