Kranselag ved tilbygget på Ørsta ungdomsskule

Onsdag 22. juni vart det arrangert kranselag/sommarfest med pizza og brus for dei som arbeider ved tilbygget på Ørsta ungdomsskule.

Prosjektleiar i Ørsta kommune, Jan Vikestrand, ønskte alle velkomne til denne markeringa. Ordførar Stein Aam tok deretter ordet, han fortalde bla litt om kva prosjekt som er under utførelse og utvikling på byggsida i Ørsta kommune, vidare takka han alle arbeidarane for framifrå utført arbeid så langt.

Ørsta kommune        
Prosjektleiar Terje Melseth i Hent AS takka for oppdraget og fortalde kva det betydde for dei å få bygge for Ørsta kommune. Han poengtere at det er eit godt samarbeid med alle involverte partar i prosjektet.

Deretter tok Assisterande kommunedirektør Eldar Rune Øye ordet; han takka for samarbeidet med Hent AS og arbeidet prosjekt gruppa i Ørsta kommune gjer.

Tilslutt vart dei ei synfaring rundt om i bygget for dei inviterte gjestane.

Ørsta kommune  
Ørsta kommune   

Følg oss