Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Kommunal- og distriktsministeren fekk sjå Ørsta i strålande solskin

Ingvild Marie Taraldset

Fredag fekk Ørsta kommune storfint besøk av Sigbjørn Gjelsvik som fekk ei effektiv synfaring på rådhuset og i Ørsta sentrum.

Statsråden vart teken godt i mot på rådhuset av ordførar Stein Aam, kommunedirektør Wenche Solheim, leiar for samfunnsutvalet Tove Halse Digernes, Per Ivar Lied og seniorrådgjevar Gunnar Wangen, i tillegg til pressa.

Gjelsvik fortel at det er hyggeleg å bli invitert, og spøka med at det var ekstra viktig å besøke Ørsta no, sidan han allereie hadde vert i Volda. Eller i alle fall; på ein biltur med Sølvi Dimmen som sjåfør.

Sigbjørn Gjelsvik (t.h.) tok turen innom Ørsta etter å ha besøkt Hareid og Ulstein. Ingvild Marie Taraldset

Ordføraren fortel om kor stolte vi er av halt vi har fått til her i Ørsta; både i sentrum og på bygdene. Og at vi stort sett er einige om det meste. Han nemner også at kommunedirektøren har spelt han god, og kor viktig godt samarbeid er. 

Sigbjørn Gjelsvik fortel at dei arbeider med eit inntektssystem for kommunane som skal vere ferdig våren 2024. Han fortel vidare: «Mange nasjonale politikar snakkar om framtidas utfordringar. Men det er dykk i kommunen som gjere jobben og finn løysingane.  Eg har stor respekt for jobben som blir gjort kvar einaste dag.»

«Ørsta er opptatt av å levere god kvalitet, og har tusenvis av gode historier», fortel kommunedirektøren. Og trekk fram teamet ressurskrevjande tenester som kvart år blir endra. Og at vi ynskjer å sleppe kampen i 2024.

Etterpå hadde Gunnar Wangen ein gjennomgang av Ørsta sentrum si tettstadutvikling og synfaringa.

 

Effektiv synfaring

Kommunal- og distriktsministeren fekk deretter ein gåande effektiv omvising i Ørsta sentrum. Det tok han på strak arm; han har jo tidlegare gått strekninga Oslo-Loen då han protesterte mot at han ikkje fekk dekt reiseutgiftene sine til kommunestyremøta. So nokre kilometer her skulle gå bra.

Statsråden gratulerte eit bursdagsbarn på Barnas Vel. Ingvild Marie Taraldset

I strålande solskin fekk Gjelsvik oppleve Ørsta på sitt beste. Turen gjekk fyrst forbi kulturhuset og vgs, mot aktivitetsparken ved Ørstahallen, der det vart eit lite stopp utanfor Barnas Vel der dei sat ute og åt bursdagslunsj. Bursdagsbarnet fekk gratulasjon av ministeren.

Aktivitetsparken var fylt med kjekk og aktiv ungdom som kosa seg i det fine solskinsvêret.

F.v.: Sigbjørn Gjelsvik, Stein Aam og Gunnar Festøy. Ingvild Marie Taraldset

Statsråden helsar på ungdommen, lærarane Gunnar Festøy og Einar Myrold.

Rebecca Riise Bjerknes viste rundt inne i Ørstahallen, før turen gjekk vidare forbi Mørebiltomta til Tussaparken. Ministeren nemnte at han synst Ørstahallen såg nesten ut som operahuset – så flott var den.

F.v.: Rebecca Riise Bjerknes, Stein Aam og Sigbjørn Gjelsvik. Ingvild Marie Taraldset

I Tussaparken møtte konsernsjef Elling Dybdal og fortalde om alle energielementa i parken. Og i parken myldra det av skuleelevar som hadde tatt turen dit denne dagen. Stein fortel at vi er stolte av sentrumsutviklinga og at vi har meir spennande i møte. Sigbjørn Gjelsvik fortel at han har vore i Ørsta fleire gangar tidlegare då kona hans kjem her i frå, men det er fyrste gang har er her i jobbsamanheng.

Ordføraren visar musklar. Ingvild Marie Taraldset

Vidare gjekk turen forbi Havtor Hovden-plassen og opp til Svendsengarden, før statsråden måtte haste vidare.

Følg oss