Første spadetak for utbygging av ungdomsskulen

Representantar frå dei ulike aktørane møttest for å markere første spadetak. Frå venstre: Prosjektleiar Øystein Aamelfot (Volda maskin), Prosjektleiar Jan Vikestrand (Ørsta kommune), ordførar Stein Aam, Mailene Kvalsvik (rektor, Ørsta ungdomsskule), Terje Melseth (avdelingsleiar HENT) og Kjell Trandal (anleggsleiar HENT).    

Fredag 5. november starta arbeidet med utbygging av Ørsta ungdomsskule. Oppstarten blei markert ved at aktørane møttest, og ordførar Stein Aam (SP) markerte oppstarten ved å setje seg bak spakane i gravemaskina som skal ta det første spadetaket, eller den første grabben som ein også kan kalle det.

Arbeidet går som planlagt, og skal etter planen vere ferdig 7. november 2022. Dette gjev 1855 nye kvadratmeter med inneareal til ungdomsskulen.

Historisk

– Det er historisk at vi no utvidar tiltrengt arealbehov for ungdomsskulen, seier Stein Aam. – Med veksande folketal, og veksande ungdomskull i kommunen, er vi komne opp i om lag 400 elevar på ungdomsskulen. Det er fleire elevar enn nokon gong tidlegare. Eg er veldig glad for at kommunen no er i gong med dette viktige arbeidet, i godt samspel med entreprenørfirmaet HENT, seier ordføraren. – Det er dette som gjev meg inspirasjon til å vere ordførar, at ting skjer, kjem i gong, og blir ferdigstilt. Det er ei stor investering for kommunen, men dette er nødvendig, seier Aam.

Større plass og bedre tilpasning

– Vi ser veldig fram til å få større plass, seier rektor ved ungdomsskulen, Mailene Kvalsvik. – Det er no altfor fullt, både i klasserom og gangar, så dette blir veldig bra. Etter utbygginga vil vi mellom anna kunne tilby delingsrom, slik at ein kan ha fleire grupper i klassene. På den måten får vi større grad av tilpassing, seier Kvalsvik, som ikkje trur anleggsarbeidet vil føre til store utfordringar. – Vi må rekne med litt støy i ein periode, men det skal nok gå bra. Vi har elles veldig gode planar for evakuering, og det blir god sikring av anleggsområdet med gjerder.

Leverandørar

Entreprenørfirmaet HENT har hatt ein del andre oppdrag i området, men dette er det første oppdraget det har for Ørsta kommune. Av andre oppdrag dei har hatt kan vi nemne Dalsfjord skule og Synnøve Riste-huset i Volda, i tillegg til Rema-butikken i Ørsta.

Andre firma som bidreg i arbeidet er Flexi Tak AS frå Ørsta (taktekking),  i tillegg til Volda Maskin AS (grunnentreprenør), Elcontact AS (el-installasjon), R. Torgersen AS (ventilasjon), RørserviceUri AS (rør), og Spenncon AS (råbygg).

Framdrift og kostnadar

– Planlagt framdrift er grunnarbeid og fundamentering fram til etter nyttår. Deretter blir det elementmontering, og etter planen er det tett bygg til påsketider, seier prosjektleiar Jan Vikestrand. – Etter påske og utover våren og sommaren blir det arbeid med innreiing. Det har vore godt samarbeid mellom prosjektleiing og skule i forfasen av prosjektet, og vi var heldige som fekk ein erfaren arkitekt, Kjell Kosberg frå Molde. Han har teikna både «Seglet» og Aker stadion i Molde, seier Vikestrand.

Samla kontraktsverdi er ca. 52,5 millionar kroner, inklusiv MVA.

Følg oss