Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Dugnadsbuketten evaluerte ryddinga

Bilde viser dei frivillige som sit rundt ein bord og drikke kaffi og et kake. - Klikk for stort bileteNokon av dei frivillige: (F.v.) Eli Kjøde, Kirsten Ragnhild Grimstad, Solveig Grimstad og Terje Kjøde. Wenche Solheim

Måndags ettermiddag var ryddedugnads-gruppene samla for evaluering av sommarens ryddedugnad i Ørsta sentrum.

Ryddedugnaden var eit flott initiativ frå Eli Kjøde og Karen Høydal. Takk til dei frivillige, park/uteseksjonen i kommunen, flyktningar og alle andre som bidrog til eit vakrare Ørsta sentrum.

«Det er ei stor oppgåve å halde alle uteområda fine. Kommunen vil aldri klare dette utan hjelp frå innbyggjarane. Ein oppmodar særlig huseigarane om å ta eit ansvar framfor «si» dør. Vi må ta eit kollektivt ansvar, og gjere ein innsats for å få med oss ungdomen», påpeikar kommunedirektøren.

Meir fargar og blomster, som til dømes å pynte lyktene i gågata med litt hardføre blomster, var bland forslaga som dukka opp på møtet.

Det var nemnt at dugnad er både sosialt og kjekt, og moglegheita for å få til ein ny dugnad til ila hausten.

Til neste år er det viktig at ein har klart eit årshjul med oppgåver og inviterer til felles innsats. Kanskje bør kyrkjemuren og elvebredda også prioriterast? Hovudgatene må også jobbast meir med, og særleg Vikegata. Elles vart mange gode forslag for eit fint sentrum drøfta.

Følg oss