Arbeidet med å regulere og bygge gang- og sykkelveg i Åmdalen startar opp

Ørsta kommune  

Ørsta kommune har i lang tid jobba tett opp mot Møre og Romsdal fylkeskommune for å trygge fylkesveg 655 i Åmdalen for gåande og syklande. 

I går var det eit nytt møte i saka.

 

Møte med synfaring

Ørsta kommune og fylkeskommunen hadde eit innleiande nettmøte den 8. mars i år for å drøfte korleis ein best kan organisere dette prosjektet innanfor dei rammene som fylkeskommunen har. I går, onsdag 30. mars, var det eit nytt møte i Ørsta, der det var lagt inn ei synfaring i Åmdalen, for at fylkeskommunen sine prosjektansvarlege skulle få gjere seg kjende i området.


Byggjast i etappar

Fylkeskommunen har no løyvd 15 millionar kroner i sitt investeringsprogram til eit gang- og sykkelvegprosjekt på strekninga Åmås/Legene–Nakkestranda-krysset. Det er sett av 9,5 millionar kroner i 2024 og 5,5 millionar kroner i 2025. Dette skal dekke kostnader til regulering, grunninnløysing og bygging av veg. Det gjer at gangvegen må byggast i etappar, sidan løyvinga ikkje er stor nok til å bygge heile strekket på ein gong.


Tidlegare oppstart

Etter avklaringsmøta og synfaringa er det klart at reguleringsarbeidet startar opp i andre halvår 2022. Fylkeskommunen har fått til ei mellomfinansiering, som gjer at reguleringsarbeidet kan starte tidlegare. Dette kan også resultere i at bygginga kan kome i gang tidlegare. Når reguleringsplanen er vedteken, vil det verte arbeidd med å få på plass avtalar om  grunnkjøp i traseen for gang- og sykkelvegen, slik at bygginga kan starte så raskt som råd i 2024.

I mellomtida vil Ørsta kommune (administrativt og politisk) jobbe med å sikre finansiering av heile gangvegen.

Deltakarane på møtet frå fylkeskommunen var John Hauger (seksjonsleiar for plan og trafikk ved fylkesvegavdelinga), Lisa Enstad (rådgjevar), Bjørn Thomas Melhus (rådgjevar) og Anna Strand ( teamleiar plan og eigedom). Representantar frå Ørsta kommune som var til stades var Stein Aam (ordførar), Eldar Øye (assisterande kommunedirektør), Ivar-Otto Kristiansen (teknisk sjef), Arnstein Nupen (jurist) og Gunnar Wangen (avdelingsleiar planavdelinga). I tillegg møtte Svein Sunde frå Gode Vegar saman med kommunen.

Følg oss