Sjå ungdomane i idretten

Dei fleste barn og unge er innom idretten i oppveksten. For dei som veks opp i ein heim prega av alkoholbruken til foreldra, kan idretten utgjere den store skilnaden.

 

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90 000 barn i Noreg har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje alkohol. Det vil seie at det mest sannsynleg er barn og unge i alle idrettslag som har ekstra behov for å vere på ein trygg arena.

– Det skal vere positivt og inkluderande for barn og unge å drive med idrett i Ørsta kommune. Då er det viktig at dei møter trygge rammer og vaksne som viser at dei bryr seg, seier Ingvild Endal, Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune.

 

Ungdomar treng å bli heia på

Ørsta kommune samarbeider med alkovettorganisasjonen Av-og-til for å gjere idretten til ein trygg stad å vere for alle barn og unge. I år vil vi vere ekstra merksame på ungdomane i idretten.

– For dei som veks opp i ein heim med for mykje alkohol, kan idretten vere heilt avgjerande. Her kan barn og unge få ein fristad der dei føler seg trygge og opplever meistring, og der dei blir sett. Derfor legg vi i Av-og-til stor vekt på idrett i arbeidet vårt, seier Randi Hagen Eriksrud, Generalsekretær i Av-og-til.

Ho meiner at det kan vere lett å tru at ungdomar er meir sjølvstendige og mindre sårbare enn dei eigentleg er. Men det å vekse opp i ein heim der mamma eller pappa drikk for mykje, gjer vondt uansett kor gammal du er.

– Derfor er det viktig at trenarar og idrettsforeldre tør å vere tett på, også når barna blir eldre. Idretten er ein stad der ungdom kan bli sett av gode, trygge vaksne som heiar dei fram, seier ho.

 

Ver ein god støttespelar

Endal har ei klar oppmoding til innbyggjarane i Ørsta som vil vere gode støttespelarar i ungdomsidretten:

– Vis interesse for ungdomen, spør korleis det går. Ver ein vaksen som gjev dei tid til å snakke, og lytt til dei, seier Endal.

Vil du vite meir om kva du kan gjere?

Meld deg på til nyheitsbrev og få verktøy, tips og råd for arbeidet i idrettslaget: https://avogtil.no/meld-deg-pa-nyhetsbrev-om-idrett/

 

Følg oss