Informasjon om RS-virus

Myriam Zilles/Pixabay  

Teststasjonen opplever stor pågang av føresette som gjerne vil teste sine born for RS-virus. 

Det sirkulerer for tida ein del RS-virus blant både born og vaksne i Ørsta og Volda. Dette veit vi då nokre prosent av koronatestane også vert analysert for øvrige luftvegsvirus, deriblant RS. Denne analysen er det laboratoriet som tek på eit tilfeldig utval av prøvene, for å overvake kva virus som sirkulerer i befolkninga.

RS-virus (respiratorisk syncytialvirus) er eit luftvegsvirus som normalt sirkulerer i befolkninga i vinterhalvåret. Nesten alle barn har gjennomgått infeksjon med RS-virus før dei fyller 2 år. Voksne og større barn får vanlegvis kun forkjølelsessymptom med hoste, feber og tett og/eller rennande nase. Hos barn under 2 år kan denne forkjølelsen imidlertid også etter nokre dagar trekke ned i lungene og gi ein nedre luftvegsinfeksjon. Dei aller fleste vert betre i løpet av 3 - 5 dagar, men nokre få prosent vert så sjuke at dei har behov for sjukehusinnlegging.

Det er barnets symptom og allmenntilstand som er avgjerande for behov for behandling og innlegging. Barn som vert så sjuke at dei har behov for sjukehusinnlegging vert gjerne testa for RS-virus på sjukehuset. For andre barn får det ingen behandlingsmessig konsekvens om ein testar for RS-virus, då det er symptoma som bestemmer om dei treng vidare behandling. Det er difor ingen grunn til å teste desse barna for RS-virus.

Dersom du er bekymra for ditt sjuke barn, skal du ta kontakt med fastlege eller legevakt. Symptom på alvorleg luftvegsinfeksjon som kan krevje behandling er t. d:

  • Rask pust eller pustevanskar
  • Sløvt barn og dårleg kontakt
  • Lågt væskeinntak og tørre bleiar
  • Generelt bør terskelen for å ta kontakt med lege vere lågare jo yngre barnet er, spesielt for spedbarn.

 

Minner om at det framleis er viktig å halde sjuke barn heime frå barnehage og skule, dette avgrensar spreiinga av koronavirus, RS-virus og andre luftvegsinfeksjonar. Ein er generelt mest smittsam rundt symptomstart.

 

Les meir om smittevernsråd for å redusere RS-virus blant småbarn på fhi.no

  

Følg oss