Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Det finaste du kan gi barna dine til jul, er deg sjølv

 

Snart er det jul igjen, men på grunn av koronasituasjonen og smittevernet blir det ei annleis julefeiring i år. Då er det ekstra viktig at vaksne tenkjer over sin eigen alkoholbruk når det er barn til stades.

Jula står for døra, og mange barn gler seg til ferie, feiring og gåver. Dessverre det òg mange barn som får ein klump i magen når dei tenkjer på jula. For barn som har foreldre som drikk for mykje alkohol, kan julefeiringa i år bli ekstra vanskeleg.

– Koronapandemien har gjort 2020 til eit år prega av utryggleik for store og små. Tenk deg derfor om ein ekstra gong før du drikk med barn til stades denne jula. Det som er koseleg for dei vaksne, kan vere ubehageleg og utrygt for barna, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

 

Samarbeider om alkovett

Ørsta er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk.

– Alle barn fortener ei fredeleg jul, og trygge vaksne er den beste julegåva dei kan få. Vi vil gjere alt vi kan for at alle barn i kommunen vår skal få ei fin julefeiring, og vi ber alle vaksne om å vere med og ta ansvar, seier Ingun Fjørtoft, leiande helsesjukepleiar i Ørsta kommune.

Ho oppfordrar alle i Ørsta som skal vere saman med barn i jula, til å bruke alkovett.

 

Fire råd om barn og alkohol:

  • Bruk alkovett. Tenk gjennom om du skal drikke alkohol i løpet av kvelden, og i så fall kor mange glas. Dei fleste barn svarer at dei synest 0, 1 eller 2 glas er greitt. Det kan vere eit fint utgangspunkt.
  • Dersom de skal vere fleire vaksne saman, er det lurt å snakke med kvarandre på førehand og avtale korleis de gjer det med alkohol. Kva er greitt, og kva er ikkje greitt? Eit godt råd kan vere at minst éin held seg edru, i tilfelle noko skulle skje.
  • Snakk om alkohol med barna dine når du føler at dei er klare for det. Still konkrete spørsmål og ta svara du får, på alvor. Hugs at barn aldri skal måtte ta ansvar for alkoholbruken til dei vaksne.
  • Dersom du er bekymra for at eit barn ikkje har det bra heime, er det viktig at du grip inn. Ring Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111 for å få råd frå fagpersonell.

 

Vil du lese meir? 

Besøk Av-og-til på nett.

Følg oss