Vil ha slutt på ulovleg oppskyting

Nødbluss.jpgEtter fleire brannar ved nyårsskiftet i fjor, går no brann og politi i Møre og Romsdal ut med ei felles påminning om forbodet som gjeld bruk av naudbluss på nyttårsaftan. 

- Naudbluss er for naud og er ikkje tillate til bruk for nyttårsaftan. Når dette likevel blir gjort kan det få store konsekvensar. Eit naudbluss er svært brannfarleg, og faren oppstår når desse fallskjermrakettane landar i busetnad eller i skog og lyng. Dei gir frå seg mykje varme, noko som gjer at dei til og med held fram å brenne under vatn. 

Forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff er klar på reglane som gjeld: Pyrotekniske artiklar og gjenstandar skal brukast til det føremålet dei er bestemt for og i samsvar med den rettleiinga som skal fylgjer vara. Ved brot på forskrifta kan ein straffast etter brann- og eksplosjonsvernlova og straffelova med bøter eller fengselsstraff på inntil tre månader. Skyt du opp naudbluss utan å vere i naud, risikerer du også å verte meld for å slå falsk alarm.

Når det gjeld bruk av kinesiske lykter, er bruk av dette å sjå på som brot på den generelle varsemda ein skal vise etter brannlova og brannforskrifta. Kinesiske lanterner er flygande bål som kan kome opp i 800 meters høgde og brenn i 20-40 minutt. Det kan falle brennande bitar av den og den kan segle fleire kilometer av garde. Når ei lanterne landar medan den enno brenn kan den starte brann både i hus og vegetasjon. 
 
Alle har ei plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein måte som gjer at brann kan førebyggast. Me ynskjer ei trygg og triveleg markering både for dei som feirar på rett vis og for brannmannskap, politi og sivilforsvar og andre som helst vil unngå å rykke ut for å sløkke brann etter uvettig bruk av pyroteknikk.
 
Reglar for privatpersonar:
  • Aldersgrensa er 18 år for bruk av fyrverkeri med unntak av små stjerneskot og andre små fyrverkeriartiklar der aldersgrensa er 12 år. 
  • Sal til  privatpersonar er avgrensa til tida mellom 27. og 31. desember kvart år. 
  • Bruk av fyrverkeri er avgrensa til tida mellom 18.00 til 02.00 på nyttårsaftan. 
  • Om du vil skyte opp før klokka 18.00 på nyttårsaftan må du søke om løyve. 
  • Planlegg fyrverkerioppskyting i god tid og finn ein bra stad for rigg og avfyring.
  • Rakettar med styringspinne, har vore forbode sidan 2008. 
  • Fyrverkeri som liknar på leiker er forbode. 
  • Vær edru, bruk vernebriller og tennstav. 
  • Får du ikkje fyr på fyrste forsøk, så ikkje tenn på ein gong til. 
Sjå meir på www.sikkerhverdag.no
 
 

Følg oss