Vi har teke over fonnvernet

Formannskapet 2015 - 2019

Tysdag hadde formannskapet synfaring til skredvollen. Dette var det siste formannskapsmøtet før valet og alle medlemmane var til stade.  

Torsdag 29. august tok kommunen over fonnvernet frå Aurstad Tunnel AS, som har hatt arbeidet med å bygge den 550 meter lange skredvollen. I løpet av helga vil entreprenøren ferdigstille avsluttande rekkverk over brua, slik at området kan opnast for ferdsel neste veke (følg merking). Sjølve toppen av skredvollen vil framleis vere anleggsområde og avstengt, til nødvendig sikring er utført.  

Kommunen vil i løpet av kort tid ta kontakt med og starte oppgjeret med grunneigarane. Det vil også bli gjennomført ein etterkontroll av arbeidet som står igjen den 20. september. 

Følg oss