- Vi har ca 6000 m3 med matjord på Mosflata
Ørsta kommune ber om at interesserte melder seg til landbrukskontoret innan 15.11.2019 for avtale om tid for henting og mengde.
Målsettinga er at mesteparten av matjorda skal tilbake til jordbruket. Matjorda er gratis å hente, men kvar og ein må dekke kostnader med opplessing og transport. Ørsta kommune vil gi meir info om premissane for henting/ tildeling når ein har oversikt over ønske/ behov for matjord.
Ber om at interesserte sender epost til: postmottak@orsta.kommune.no
Publisert 31.10.2019 08:53