Verdig 10-års markering av 22. juli

Varaordførar Karen Høydal leia minnemarkeringa.Om lag 180 personar møtte fram i Laguneparken torsdag 22. juli for å minnast ofra for terrorhandlinga i 2011. Kyrkjeklokkene som ringde i fem minutt før klokka 12 sette stemninga, og folk samla seg i stillheit for markeringa.

Arrangementet blei leia av Varaordførar Karen Høydal (AP), og ho ynskte velkomen til Ørsta kommune si markering. Ho peika på det felles ansvaret vi alle har for å unngå at noko liknande som 22. juli skjer igjen.
 

Tale for dagen ved Fredric Holen Bjørdal

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (AP) heldt tale for dagen.Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (AP) heldt tale for dagen. Han takka alle som hadde møtt opp til markeringa. Han refererte til dei forferdelege hendingane som var under terroråtaket, og levandegjorde opplevinga med at 495 ungdommar måtte velge kven av vennane sine gravferder dei skulle gå i.

Sjølv var han på kjøkenet på Utøya og laga kyllingsuppe til dei vel 500 ungdomane som var på øya då terroristen slo til. Angrepet var så grusomt og smertefullt at ord vanskeleg kan dekkje det, og Holen Bjørdal ba oss alle om å huske på at 10 års markeringa gjer denne sommaren ekstra retraumatiserande for dei som var berørt. Han mintest Guro Vartdal Håvoll som vart drepen, ho skulle ha vore 28 år i år. – Ho var eit sjeldant politisk menneske, med eit unikt engasjement og varme, sa han. 

Han spurde retorisk kvar vi står etter at vi lova kvarandre "Aldri meir 22. juli". Han trur vi kanskje er blitt mindre naive, og betre på tryggleik og beredskap. Men det er 3 områder Holen Bjørdal meiner storsamfunnet har svikta på i tida etter 22. juli: For det første er etterlatte og berørte ikkje godt nok oppfølgde, og mange slit pykisk. For det andre har samfunnet heller ikkje godt nok formidla til den oppveksande generasjonen om kva ideologi som låg bak terroråtaket. Det tredje han ville trekke fram er eit felles poliltisk oppgjer med det voldelege og hatefulle som motiverte terroren, og han etterlyste at "berøringsangsten" for å snakke om motiva bak terroren må bort. Høgreekstremismen veks, og grensene for kva som er greit å seie er flytta.

Beredskap er ikkje berre helikopter og politibåt, men også førebyggande arbeid mot haldningar på nett og i kommentarfelt. Han peikte på kor viktig det er å bygge bruer mellom folk, skape tillit, motverke aukande forskjellar mellom folk, og gi alle verdige liv.

Til slutt las han diktet "etter 22. juli" av Frode Grytten.
 

Musikalsk innslag ved Ørsta Hornmusikk

Musikalsk innslag ved Ørsta Hornmusikk.Ørsta Hornmusikk under leiing av dirigent Marita Therese Voldnes spelte "Blott en dag" med melodi av Oscar Ahnfelt (1872). Vakkert og stemningsfullt.
 

Statsforvaltaren ved Berit Brendskag Lied

Statsforvaltaren ved Berit Brendskag Lied la ned blomar og heldt appell.Berit Brendskag Lied representerte Statsforvaltaren, og heldt ein appell der ho peikte på at det i tillegg til angrep på ungdomane på Utøya og mennesker i regjeringskvartalet, også var våre felles demokratiske verdiar som blei angripne. Ho framheva viktigheita av at vi aldri må gløyme, at vi aldri må bagatellisere, og at vi aldri må tenke at det ikkje kan skje igjen.

– Det vonde blir ikkje borte ved å vere usagt, derfor må vi aldri tie. Vi er forplikta til å stå opp for våre grunnleggjande verdiar, og stå opp for og forsvare demokratiet, sa ho.

Ho framheva at vi må følge ekstra med i nærmiljøet vårt, og jobbe for å hindre at radikale haldningar blir til radikal adferd. Til slutt la ho ned ein raud blomekrans ved 22. juli-minnesmerket.
 

AUF ved Elise Stokken

Appell frå AUF ved Elise Stokken.Fylkessekretær og kommunestyremedlem i Ørsta, Elise Stokken (AUF) heldt ein sterk appell der ho starta med å sitere Eskil Pedersen som dagen etter 22. juli åtaket sa "Han tok nokre av dei vakraste rosene våre, men han kan ikkje stanse våren".

Ho heldt fram og peikte på at den våren er den viktigaste våren, der vi må jobbe for å hindre at tankegodset som låg bak terroren får fotfeste. Åtaket var ikkje ei isolert hending, men motivert av tankar og haldningar som fins rundt oss framleis.

– Vi må tørre å ta dei vanskelige debattane, og vi må tørre å seie frå. Eg får håp når eg ser unge uavhengig av partitilknyting står opp og aldri teir og aldri gløymer. Dette gir meg håp for framtida, der vi står saman i eit liv i kamp mot hatet, sa ho.
 

Ørsta ungdomsråd ved leiar Tare Reklev Øverbø

Appell frå Ørsta ungdomsråd ved leiar Tare Reklev Øverbø.I appellen sin sa Tare Reklev Øverbø at eit av mange motiv som teroristen hadde 22. juli, var å skremme engasjert ungdom vekk frå politikken.

– Det politiske engasjementet blant dagens ungdom er stort, og vi er ikkje redde, sa han. Han peikte på viktigheita av at ungdom er uredde, engasjerte og deltakande. Dei må sørge for at deira stemmer blir høyrt. Dei må ta kampane som kjem, og legge til rette for eit inkluderande samfunn med mangfald i det norske samfunnet.

– Vi må tørre å diskutere, debattere og ha politiske meiningar, men kome fram til demokratiske løysingar i fellesskap, sa Reklev Øvrebø.
 

Støttegruppa 22. juli nordvest.

Helsing frå støttegruppa 22. juli nordvest ved Alexander Riise Olsen og Karen Høydal.Varaordførar Karen Høydal (AP) las ei helsing frå støttegruppa 22. juli nordvest og la på ein krans. I helsinga som blei lest opp av varaordføraren, blei det det mellom anna sagt dette:

"Det moderne Norge mistet uskylden sin den dagen for 10 år siden. Vi mistet den naive troen på at politisk vold ikke kan skje i Norge. Vi mistet den verdifulle tryggheten om at ingen skal drepes fordi de mener noe. Guro og 76 andre ble drept 22. juli 2011.

De hadde drømmer og visjoner om framtida som de brant for. De har familie og venner som savner dem hver eneste dag. Derfor er det viktig på en slik dag å tenke over hvordan vi alle kan være med på å verne om- og formidle de grunnleggende verdier som samfunnet vårt bygger på.

Derfor skal vi hedre og minnes Guro og de 76 andre som ble drept. Bare slik kan vi si Aldri mer 22 juli."

Saman med Alexander Riise Olsen (AP) la Karen Høydal ned ein kvit blomekrans frå støttegruppa.
 

Open kyrkje

Etter minnemarkeringa var kyrkja open slik at dei som ynskte kunne tenne lys eller sitte ei stille stund.Minnemarkeringa blei avslutta med at Ørsta Hornmusikk spelte "Fagert er landet" som Anders Hovden har skrive teksten til, og melodien er av Melchior Vulpius (1609).

Karen Høydal avslutta med å takke alle som viste omtanke ved å møte fram, og takka også alle som hadde bidratt med å stelle parken, hente stolar og lydanlegg, og til alle som heldt appellar og talar, og ho takka også til korpset som spela.

Etter minnemarkeringa var kyrkja open slik at dei som ynskte kunne tenne lys eller sitte der ei stille stund.

Kransar blei lagt ned ved 22. juli-minnesmerket. 

Følg oss