Vel gjennomført kulturkafe med fokus på psykisk helse

74 personar var innom kulturkafeen tok turen til Ørstahallen for å markere Verdsdagen for psykisk helse fredag 9.oktober.

Årets tema for Verdsdagen for psykisk helse er spør meir. På kulturkafeen var det fokus på nettopp dette; å sjå dei som er rundt oss, inkludere og spørje korleis ein eigentleg har det. Flyktningstenesta stod for matserveringa og kunne freiste med kebab-spyd. Det var gratis kaffi og kaker til alle som var innom, og fiolinmusikk sette stemninga.

Dette er femte året at kulturkafeen har blitt arrangert til inntekt for TV-aksjonen. Inntektene frå mat- og loddsal, samt sponsorpengar frå Vartdal Plast per innsamla søppelsekk går uavkorta til årets TV-aksjon som støttar verdas naturfond WWF. Småjobbsentralen oppfordra til rydding i nærområdet og søppelsekkane kunne leverast i tilhengar utanfor Ørstahallen, Vartdal Plast sponsa 100 kroner per innleverte sekk.

Det er tenesta for psykisk helse og rus Ørsta kommune (v/Møteplassen aktivitetssenter og Småjobbsentralen), Frivilligsentralen Ørsta, Ørstahallen, Flyktningkontoret Ørsta og LPP Ørsta som står bak arrangementet. Om lag 15 personar frå tenestane i lag med 6 kommunalt tilsette har vore med planlegge og drifte kulturkafeen. Dei har lagt ned ein enorm innsats og kan vere godt fornøgde med dagen.

Verdsdagen for psykisk helse 10.oktober 2020 

Årets tema: Spør meir

Alle har behov for å bli sett. Det å bli sett gir ein følelse av å høyre til og vere viktig. Tilhøyrsle er grunnleggande for god psykisk helse.

Tema for 2020 er «Spør meir». Årets kampanje har som mål å oppfordre oss alle til spørje kvarandre korleis vi har det, vise interesse og vennleg nysgjerrigheit. Ved å spørje lærer vi meir, blir betre kjent og kan finne ut om nokon har det vondt. Å spørje kan med andre ord, gi god psykisk helse.

Ver oppmerksam. Vis interesse. Spør meir.

Les meir om Tema 2020: Spør meir

Følg oss