Vel gjennomført Folkevaldprogram

Prosessleiar frå KS, Margret svinvik, og Harald Westby Digernes frå KS møre og Romsdal. Ørsta kommune

Kommunestyret og leiargruppa i Ørsta kommune gjennomførte 9. og 10. november del ein av KS sitt Folkevaldprogram 23-27. 

Viktige tema var kommunelov og korleis oppgåver og ansvar er fordelt mellom administrasjon og politikk, og at god rolleforståing, godt samspel og sterk vi-kjensle gir dei beste resultata. 

Prosessleiar for KS var tidligare ordførar i Surnadal, Margrete Svinvik.

Administrasjonen presenterte mellom anna administrativ organisering, budsjettføresetnader, arbeidsgivarstrategi og planstatus. 

Det  var gode diskusjonar og ei god anledning til å verte kjende med kvarandre.

Ørsta kommune Ørsta kommune Ørsta kommune Ørsta kommune Ørsta kommune

Følg oss