Varsel om igangsetting av privat planarbeid - Bondalseidet

fr3.jpg

 

AG Plan og Arkitektur AS varslar oppstart av detaljplan (PBL § 12-3) for gnr. 25 bnr. 6 og 9 mfl. innan område Fr3 i Kommunedelplanen for Bondalseidet, Ørsta kommune.

Målet med planarbeidet er å leggje til rette for fritidshus i samsvar med kommunedelplanen for Bondalseidet.Tilkomsten til fritidsarealet vert via Nakkemarkvegen frå Bondalseidet. Tilkomsten er føresett nytta også vinterstid. Området er ikkje tidlegare regulert. I kommunedelplanen er området definert som område med fritidsbygningar med krav om reguleringsplan.

Sjå plandokumentet her. Arealet omfattar om lag 30 daa.

Arealet er tenkt nytta til fritidsbustader og interne tilkomstvegar. Storleik på fritidsbustadane vil vere i
samsvar med vilkår fastsett i kommunedelplanen.Tiltaket er avklar i kommunedelplanen og det er ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter PBL §§ 4-1 og 4-2.
 
Tiltakshavar er eigar av gnr. 36 bnr. 6. Arbeidet vert utført av AG Plan og Arkitektur AS. Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv.

 

Innspel til reguleringsarbeidet skal vere skriftlege og sendast til AG Plan og Arkitektur AS
Adresse: firmapost@agplan.no eller Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA innan 9.01.2017. E-post (ev skriv) skal vere merka: REGULERINGSARBEID FOR GNR. 36 BNR. 6 BONDALSEIDET, ØRSTAKOMMUNE.

Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA. Tlf 700 61 600

Følg oss