Utlevering av koronatestar i luka igjen
Testbilen blir avvikla og utleveringa av koronatestar blir flytta tilbake til luka på rådhuset.
Frå måndag 25. april er det ikkje lenger i testbilen du hentar koronatestar. Bilen blir avvikla, og testar hentar du no i luka på oppsida av rådhuset. Slik som det var tidlegare, før testbilen kom. Innlevering er som før: i luka eller postkassa ved inngangen.
Opningstida er også endra til: kl. 09.00-11.00
Vi ynskjer framleis at folk som testar positivt på hurtigtest/sjølvtest heime melder ifrå til kommunen, slik at vi får alle med i statistikken. Du finn meir informasjon om korleis du gjere det her.
Meir om koronatesting
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Sist endra 22.04.2022 13:54