Utlånssentralen i vinterferiemodus

Utlånssentralen har ski til både born og vaksne . Privat/Stine Terese Vatne Riise

Ørsta utlånssentral syter for å gjere deg klar til skiløypa i Dalateigane, Ørsta skisenter eller om du skal ut å reise og vil låne med utstyr.

Så var han her igjen – vinterferien! Kanskje skal du ut å reise, eller kanskje skal du ha fri heime. Kanskje er du på arbeid eller får besøk av andre. Uansett kor du er, så er det aldri feil å kome seg ut i naturen om du har sjans til dette!

Er vi ekstra heldige i år så er det kanskje snø i vinterferien.. Snø og skiføre, kanskje kan det lokke med anten ein langrenn- eller trugetur? Akematter, skeisser, snowboard eller slalom? For å hjelpe deg litt på veg har vi mange kjekke utlånssentralar og ordningar rundt omkring som kan by på dette, også i Ørsta og omegn!

Ørsta utlånssentral syter for å gjere deg klar til skiløypa i Dalateigane, Ørsta skisenter eller om du skal ut å reise og vil låne med utstyr. Vi har gode felleski til vaksne, og smørefrie ski for born, heilt ned i 4 års alder. Skivogn har vi også, samt splitter nye snowboard. Slalom må vi førebels freiste lukka med på BUA i Volda, men dei plar vere greie med oss Ørstingar som kjem innom der borte altså..  

Om det er lite snø men du likevel har lyst ut å finne på noko skal det vere ei råd med det med. Vi har syklar og bålpanne, gåstavar og sparkesyklar, lavvo, redningsvestar og andre uteleiker for å nemne noko – og manglar det noko? Då forsøker vi å få tak i det!  Utlånssentralen er ute etter å skape trivsel og glede til ørstingar gjennom deltaking i aktivitetar, den er for alle, og utlånet er sjølvsagt gratis. 

Gjennom midlar tildelt frå Bufdir har vi fått moglehgeit til å kjøpe inn utstyr som vert etterspurt, men stadig fleire kjenner til oss, og stadig meir utstyr må vi ha inn! Vi håper å ruste opp utlånssentralen enno meir i 2023, og verte kjendt for enno fleire.

Vi set pris på at det i dag både er skular, privatpersonar, omreisande og tilflytta som tek kontakt med oss og brukar oss!

Kontaktinformasjon om utlånssentralen finn du her, eller du kan gå via Småjobbsentralen si Facebookside.

Og du, vi har opent heile året!  

 Me sjåast! Med ynskje om ein fin vinterferie  

- Utlånssentralen Ørsta  

 

Hjå Utlånssentralen finn du forskjellig vinterutstyr. Utlånssentralen

 

Følg oss