Utlånssentralen flyttar til Strandgata

Oppdatert 8/2: Utlånssentralen opnar dørene igjen fredag 9. feb, kl. 13-15 i Strandgata 21. 

Bildet viser personane som står på gata utanfor eit stort kvitt bygg. - Klikk for stort bileteF.v.: Jarle Steinar Bjørdal leiar i Ørsta Røde Kors, Stine Terese Vatne Riise frå Utlånssentralen og Rebecca Riise Bjerknes dagleg leiar for Frivilligsentralen, utanfor lokala til Røde kors. Ørsta kommune

Det er ein gladnyhende at Røde Kors stiller lokala sine i Strandgata til disposisjon for Utlånssentralen. 

Allereie denne veka set dei i sving og ryddar og ommøblerer i lokala sine i 1. etasje og frå neste veke startar jobben for Småjobbsentralen med å i flytte vinterutstyret ned frå lager.

Då nyheita kom om at vi måtte stenge, var Røde kors lynkjappe å ta kontakt og spurte om det var noko dei kunne hjelpe og tilbydde plass. For ein gjeng og for ein ståpåvilje for andre! fortel Stine Terese Vatne Riise frå Utlånssentralen og dagleg leiar for Frivilligsentralen Rebecca Riise Bjerknes.

“Vegen må bli til medan vi går og vi veit ikkje heilt korleis opningstider og slike ting vert, men no har vi lokale til Utlånssentralen og eg er heilt sikker på at dette samarbeidet kjem til å gi eit godt resultat for Utlånssentralen og dermed også heile Ørsta”, leggjer Rebecca til. 

Om det er nokon som kunne tenke seg å bidra til å gjere tilbodet så tilgjengeleg som mogleg, eller å preppe og fikse på utstyr? Ta kontakt med Frivilligsentralen, så finn vi ei oppgåve til deg. 

Kontakt Frivilligsentralen på telefon 91 31 35 72 eller på e-post frivillig@orsta.kommune.no.

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes
Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise

Følg oss