Utdeling av næringspris, kulturpris og årets eldsjel

I kommunestyremøtet torsdag 12. desember vart det delt ut prisar i dei ulike kategoriane. Kulturskulen hadde innslag og ordførar Per Are Sørheim overrekte diplom og heldt tale med grunngjeving til kvar og ein av prisvinnarane.

F.v.: Marcelina Ryczek, Emma Olsen og Janna Othilie Øye Kragseth frå kulturskulen. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Næringsprisen 

Næringsprisen 2024 gjekk til Lars Oscar Øvstegård. Prisvinneren har i fleire år vore ei drivkraft for næringsutvikling i Ørsta.  Øvstegård var veldig takksam og fortalde at prisen betyr mykje for han.  Prissummen på 20 000 kroner informerte han om at skulle gå til Svendsengaard stiftinga.

Lars Oscar Fossen Øvstegård er vinnaren av Næringsprisen 2024. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Grunngjeving
Lars Oscar har gjort seg bemerka på mange måtar, og prisen kviler på tre søyler: Arbeid mot formueskatten, arbeidet han har gjort for å gi nytt liv til Strømpeneset, og stor frivillig innsats – spesielt for å bidra til utvikling av eit finare Ørsta sentrum.

Føremålet med Næringsprisen er å gi honnør til ein einskild person, verksemd eller organisasjon som siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.

Lars Oscar er ein verdig kandidat til Næringsprisen, men det er særleg engasjementet rundt formueskatten som gjer at han i år har utmerka seg både lokalt og nasjonalt. Lars Oscar Fossen har gått til sak mot staten for å finne ut om den norske formueskatten bryt med menneskerettane og Grunnlova. Han har stilt seg i front for det norskeigde næringslivet som finn denne skatten særs urettvis.

Lars Oscar har, ved å stille seg i front for eit grasrotopprør mot formueskatten, synleggjort at dette ikkje er ein skatt for milliardærane, men ein skatt som råkar både små og mellomstore bedrifter, og som kan setje arbeidsplassar i fare. Den kan tappe lokale bedrifter for eigenkapital som igjen kan gå ut over utviklingsevna til bedriftene.

Lars Oscar har også i fleire år gjort mykje for å fornye og utvikle gamle næringsbygg. Han har og bidratt til å få bedrifter og næringsliv til å etablere seg og utvide i Ørsta. Han er ein dyktig utleigar som legg vekt på å ha høg kvalitet på dei lokala som han leiger ut. Fabrikklokala på Strømpeneset er omgjort til nokre av dei flottaste kontorlokala i Ørsta. Sjølvsagt med mykje møblar frå Ørsta-bedrifter med høgkvalitet og god design. I dag er det Vik Ørsta og Mowi som er dei største leigetakarane. Samla er det no 80 arbeidstakarar lokalisert på Strømpeneset.

Også i utviklinga av andre næringsbygg som td. Mosflata Næringsbygg, tidlegare Grepa fabrikken, har Lars Oscar vore viktig. Her hadde han ei nøkkelrolle i å utvikle bygget og få inn nye leigetakarar som til dømes Eiksenteret. Det er no langt fleire tilsette som jobbar i Mosflata Næringsbygg enn det var då Grepa hadde sin fabrikk der.

Ørsta Brygge var også eit tomt industribygg som Fossen var sentral i å utvikle. Bygget er no eit kombinert næringsbygg med om lag 60 moderne leiligheiter. Alle som har møtt Lars Oscar veit at han er engasjert, kreativ og har pågangsmot. Det var også noko av bakgrunnen for at Lars Oscar vart kåra til Årets Eldsjel i 2016. Då framheva juryen stikkord som engasjement, positivitet, og inspirasjon. «Fossen er seg sjølv, samlar støtte og får fått folk til å vere stolte av Ørsta sentrum.»

Tildeling av næringsprisen til Lars Oscar Øvstegård er ei viktig anerkjenning av det arbeidet han har utført over fleire år, og til inspirasjon og støtte framover. 

Gratulerer med Næringsprisen, Lars Oscar!

 

Kulturprisen

Kulturprisen 2024 gjekk til fotograf Marta Lystad, som Marta takka stort for prisen og sa det passa bra no når ho skulle bli pensjonist. 

Fotograf Marta Lystad Johansen fekk kulturprisen for 2024. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Grunngjeving
I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det mellom anna: «Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar […] som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.»
Marta har i nesten 50 år bidrege som kreativ og skapande fotograf, og har fanga flotte minne i både portrett- og gruppesjanger over fleire generasjonar og til glede for mange. Lystad-bilete er kjende og kjære. Marta har motteke fleire prisar og heiderlege omtalar.

Ho har lagt ned eit særs viktig kulturminnearbeid med å digitalisere store delar av fotografmeister Olav Lystad sin fotoarkivskatt. Svært mykje av Ørsta si lokal- og kulturhistorie er no sikra og ivareteke gjennom bileta han tok av landskap, gatebilete, fabrikkbygningar, turnstemner, kongebesøk og mykje meir frå om lag 1930 til 1970.
Dette er viktig fotodokumentasjon som igjen kjem fram i dagens lys. Marta har soleis sikra at bileta er lettare tilgjengeleg for ålmenta, noko mange set og vil setje pris på i framtida.

Tusen takk for innsatsen, og gratulerer med kulturprisen 2024.

Årets eldsjel

Årets eldsjel gjekk til Ørsta Røde Kors (både Hjelpekorpset og Ørsta Røde kors omsorg).  Ørsta Røde Kors sa hjartleg takk for anerkjennelsen, det var ei stor ære og at denne prisen går til alle dei frivillige. 

Ørsta Røde Kors vann eldsjelprisen for 2024. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Grunngjeving
I år går prisen til ein organisasjon som involverer mange frivillige, og som mange har fått hjelp av - eller besøk av. Prisvinnaren er kjent for stor frivillig innsats av mange over mange år, for stort sosialt engasjement, for redningsaksjonar og for ei særdeles aktiv omsorgsgruppe. I 2024 er Ørsta Røde Kors mottakar av årets eldsjel. Og då gjeld det både Hjelpekorpset og Ørsta Røde kors omsorg.

Først om Ørsta Røde kors omsorg, som gjer ein formidabel innsats for Ørsta sine innbyggarar, særleg for eldre og flyktningar! Dei driftar frisklivstilbodet Sterk og stødig for dei godt vaksne. Dei gjer ein formidabel innsats for flyktningane som bur her med flyktningtreff, juletreff 1. juledag og gratisbutikk. Dei organiserer tilbodet "Besøksvenner", og «Ferien for alle» for barn og unge.

Ørsta Røde Kors arrangerer turar for eldre og flyktningar og i samarbeid med fylkeslaget ferieturar for born. Dei sørger for blomar til jul og påske, stiller som vaksinevakt og bidreg på ulike arrangement. Dei frivillige i Røde kors omsorg er engasjerte, positive, samarbeidsvillige og elskar det dei gjer. Dei har gjort seg bemerka ikkje berre her i Ørsta, men også på landsbasis.

Innsatsen deira betyr svært mykje for den einskilde, og skaper livsglede, aktivitet og deltaking.

Hjelpekorpset er den andre hovudgruppa i Ørsta Røde Kors. Der mange frivillige er engasjerte knytt til arbeid rundt søk og redning. Vi ser dei i samband med store og små leiteaksjonar, som td. den svært omfattande leitinga etter Maya for nokre år sidan. Hjelpekorpset driv frivillig skipatrulje på Bondalseidet, og har saman med Volda felles skredgruppe med nasjonal spisskompetanse. Hjelpekorpset har også ei båtgruppe.

For å lukkast med dette trengst det mykje trening, kursing, godkjenning, men og utstyr. Dei har faste øvings- og samlingsdagar i lokala til Ørsta Røde Kors i Strandgata. Her er det også samla mykje utstyr. Ørsta Røde Kors har også eiga sambandsgruppe, og har eit VHF-nett som kan brukast over heile kommunen dersom Nødnettet dette ut.

Ørsta Røde Kors har rundt 500 medlemmar, med 55 aktive i Hjelpekorpset og 35 aktive i omsorgsgruppa.

Vi håper prisen kan vere ein inspirasjon for vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Ørsta Røde Kors er derfor også ei takk og anerkjenning til dei som gjer ein frivillig innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen.

Gratulerer med pris som årets Eldsjel!

Følg oss