Utbygginga av Dalane barnehage er i rute

Utbygginga av Dalane barnehage er i rute og det blir innflytting før sommarferien.
Dei tilsette gler seg til å tilby fleire som ynskjer det, plass i Dalane barnehage. No vil borna få mykje meir plass å boltre seg på og dei tilsette vil få stetta sine behov for kontorarbeidsplassar og garderober. Barnehagen vil frå 1.august ha tre avdelingar der det blir 18 plassar for dei eldste i nybygget og to avdelingar i eksisterande bygg til born i alderen 0 - 3 år.
Publisert 15.02.2018 08:07